Company
Hå kommuneApplication deadline
31.12.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4360, VARHAUG
HÅ
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6487032Look here for other jobs from Hå kommune
Hå kommune
Barne- og ungdomsarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt som barne- og ungdomsarbeidar i Stokkalandsmarka barnehage.
Kven er du?
Du er den som ser det beste i kvart enkelt barn, og som brenn for å gje barna ein kvardag fylt av magi og eventyr. Du har eit stort hjarte for menneske og har rom for alle. Du er trygg, ansvarsfull og god på leik og samspel. Du veit at leiken er barna sin viktigaste læringsarena, og du varierer mellom fri leik og aktivitetar. Du skapar gode relasjonar og inkluderer alle med varme og respekt. Å jobba i barnehage er verdas viktigaste og beste jobb, men det er òg ein utfordrande jobb. Difor treng me deg som er god til å samarbeida med både foreldre og medarbeidarar.
Om barnehagen og området rundt:
Stokkalandsmarka er eit byggefelt i utvikling mellom Vigrestad og Brusand i Hå kommune på Jæren. Her er det mange spennande leikeplassar og flott nærmiljø rett utanfor porten. Barnehagen er ein moderne, kommunal barnehage med store og lyse lokale. Her har me alt me treng for å skapa eit godt læringsmiljø for barna: sanserom, gymrom, baderom, formingsrom og arbeidsrom med gode fasilitetar.
Om stillinga:
• 100 % vikariat til 10.07.2026, med mulighet for forlenging. Tiltreding snarast.
Arbeidsoppgåver:
• Omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
• Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna, ute og inne
• Vera ein god rollemodell
• Bidra til eit trygt og lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
• Erfaring frå arbeid i barnehage
• Relevant erfaring frå barnehage kan kompensere for manglande fagbrev
• Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 skriftleg og B1 munnleg (Barnehagelova)
• Personlege eigenskapar blir vektlagt
• Gyldig politiattest
Me tilbyr:
• Dyktige og engasjerte medarbeidarar som speler kvarandre gode
• Fagleg miljø som støttar og utfordrar
• Flotte naturområde
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Lønn etter Hå kommune sine lønns- og stillingsregulativ
Dersom du kjenner at dette høyres ut som noko for deg, så ikkje nøl med å søka! Me gler oss til å høyra frå deg!
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Company
Hå kommuneApplication deadline
31.12.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4360, VARHAUG
HÅ
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6487032Look here for other jobs from Hå kommune