Company
Øygarden kommuneApplication deadline
11.02.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5382, SKOGSVÅG
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6039249Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Avdelingsleiar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Grønebakkane avlastning er lokalisert sentralt i Skogsskiftet og yt avlastning til familiar med born og unge med nedsett funksjonsevne. Avlastningsbustaden har totalt 4 plassar og er fysisk tilpassa ulike funksjonsnedsetjingar. Det er lagt vekt på å gje trygg og god avlastning tilpassa den einskilde sine behov. Personalgruppa er stabil og tverrfagleg samansett.
Vi søkjer ein leiar som brenn for å sikre gode tenester til utviklingshemma. Du er fagleg dyktig, engasjert, motiverande og du ønskjer å halde kvaliteten høg. Som leiar er du oppteken av å skape tillit, å leggje til rette for at ansatte kan oppleve meistring og motivasjon, samt å skape en kultur med fokus på et godt arbeidsmiljø og høy etisk medvit. Du legg til rette for læring og utvikling gjennom å involvere og gje ansvar til medarbeidarar. Du er oppteken av å vise gjennomføringskraft for å oppnå gode resultat og at dei økonomiske ressursane brukas mest mogleg effektivt. Stillinga rapporterer til einingsleiar og du inngår i einingas leiargruppe. Som avdelingsleiar vil du og få tilgang til einingas stab innan fag, personale, økonomi samt andre støttefunksjonar.
Avdelingsleiar går delvis i drift, i tillegg til administrative oppgåver. Du har difor 35,5 timars arbeidsveke. Stillinga er ledig frå snarast og det vert oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver:
- Dagleg drift av avlastningsbustaden.
- Personal- og fagansvar.
- Utarbeide årsturnus. Administrere bemanningskabalen.
- Halde faste møter med leiargruppa.
- Sjå til at ein føl retningslinjer, til dømes medisinhandtering og kap 9 i helse og omsorgstenesteloven.
- Dialog med pårørande.
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i sjukepleie eller vernepleie. Anna relevant 3-årig høgskuleutdanning, leiarutdanning eller universitetsgrad kan vurderast.
- Erfaring frå arbeid med målgruppa.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Min. aldersgrense 18 år
- Førarkort
Ønskjeleg :
- Kjennskap til ressursstyring som er vaktsystemet i Øygarden kommune
- Leiarerfaring
- Kjennskap til turnusarbeid
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel
- Strukturert
- Løysingsorientert
- Gode kommunikasjonsevner
- God relasjonskompetanse
- Gode samarbeidsferdigheiter
- Det vil bli lagt stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar, Forvaltning og Støttetenester, Monica Førde Landro tlf. 95 80 85 36
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
11.02.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5382, SKOGSVÅG
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6039249Look here for other jobs from Øygarden kommune