Company
Øygarden kommuneApplication deadline
28.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5957887Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Avdelingsleiar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Sundheimen er ein triveleg arbeidsplass som ligg sentralt i Skogskiftet. Sundheimen har 48 langtidsplassar fordelt på somatisk- / dementavdeling og no nyleg opna opp fire heildøgns omsorgsbustader.
Vi har ledig avdelingsleiarstilling for dementavdeling som har 18 plassar fordelt på to grupper. Avdelingsleiar har og drifts- og personalansvar for nattevakter, eit dagsenter(ca 8 pasientar) med to årsverk og fire nyleg oppretta omsorgsbustader med heildøgn. Personalet i desse omsorgsbustadane er ein del av demensavdelinga .
Vi har fokus på omsorg og tryggleik, både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi treng ein dyktig og kunnskapsrik avdelingsleiar i teamet vårt.
Demografiske utfordringar gjer at vi treng å være innovative og løysingsvillige, sjølv i ein travel kvardag. Er du ein modig, omtenksam leiar som liker å jobbe tett på dine medarbeidarar ? Er du opptatt av kvalitet og utfordringar ? Vi håper at du er den rette og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.
Arbeidsoppgåver:- Ansvar for dagleg drift, turnus/årsplan og tilrettelegging av aktuelle avdelingar.
- Delegert personal- og fagansvar. Opplæring og oppfølging, både fagleg og administrativt.
- Sikre kostnadseffektive tenester og god ressursutnytting innafor tildelte rammer.
- Relasjonsorientert og endringsbasert leiing
- Rettleie og støtte personalet for å sikre god fagleg utvikling og trivsel
- Kjennskap til kontinuerleg forbetring- og utviklingsarbeid. Sikre at brukarane får forsvarlege tenester.
- Arbeide tett med leiar og avdelingsleiar på somatisk avdeling. Ansvar for oppgåver som til ei kvar tid blir delegert frå einingsleiar
- Delta i møteverksemd der avdelingsleiarar møtes.
- Ha oversikt over innkjøp av medisinsk forbruksmateriell i avdelinga
- Helsefagleg høgskule utdanning – fortrinnsvis sjukepleiar
- Det er krav om praktisk leiarerfaring med personalansvar og / eller formell leiarutdanning
- Gode datakunnskapar generelt og erfaring i bruk av fagsystem, turnusprogram mm
- Erfaring frå arbeid med kvalitets -, kompetanse – og medarbeidarutvikling
- Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Erfaring med prosesser kring turnus.
- evner å engasjere , inspirere og motivere medarbeidarar
- utøver tydeleg leiarskap
- har høg grad av relasjonskompetanse, er glad i menneske og har gode kommunikasjonsevner
- arbeider målretta og har evne å ta slutningar basert på fagleg forsvarlegheit og økonomiske rammer
- trivs med og toler høgt tempo og eit mangfald av arbeidsoppgåver
- evner å arbeide systematisk og strukturert
- er personleg egna for stillinga, noko vi vektlegg.
- ser moglegheiter framfor avgrensingar i dagleg drift og som tør å tenkje nytt og utfordre etablerte ordningar der det er hensiktsmessig.
- Eit godt arbeidsmiljø der vi saman er opptatt av å finne gode løysingar
- Ein utfordrande og spennande jobb.
- Ei avdeling med erfarne, fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Gratis parkering
Einingsleiar : Janne Thode : 45 04 45 69
janne.thode@oygarden.kommune.no
Visjon : Eit fyrtårn i Vest Verdiar:
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
28.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5957887Look here for other jobs from Øygarden kommune