• Company
    Nortura
  • Application deadline
    10.05.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Næringsmidler - En gros
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    1262, OSLO
    OSLO
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6546029
  • Look here for other jobs from Nortura
  • Updated 21.04.2026
Vacancy

Nortura

Elektrikar / Automatikar

Næringsmidler - En gros

Hjå Nortura i Sogndal treng vi ein som vil vere med og sikre god drift i ei moderne matbedrift. Her får du bruke faget ditt på ein solid og trygg arbeidsplass, med teknologi som utviklar seg.

Vi produserer mat som betyr mykje for folk, og vi gjer det med moderne utstyr, automatiserte løysingar og kjende merkevarer som Gilde og Prior.

Arbeidsoppgåve

Du blir del av eit tverrfagleg team med automatikarar og mekanikarar. Arbeidet er variert, teknisk interessant og viktig for drifta:

  • Feilsøking og reparasjon av produksjons- og prosessanlegg
  • Førebyggjande og korrektivt vedlikehald
  • Arbeid med PLS, elektro og automasjon
  • Bidra i forbetringsarbeid og tekniske prosjekt
  • Delta i teknisk vaktordning og periodisk 2‑skift

Målet er enkelt: Stabil og trygg drift – kvar dag.

Kven passar dette for?

Vi ser etter deg som har lyst på ein trygg jobb med gode kollegaer og høve til å utvikle deg innan faget.

Vi trur du:

  • Har fagbrev som elektrikar, automatikar, eller har elektrobakgrunn med interesse for automasjon og gjerne vil jobba meir med det.
  • Likar systematisk arbeid og gode, praktiske løysingar
  • Jobbar godt både åleine og saman med andre
  • Snakkar norsk og litt engelsk

Erfaring frå næringsmiddelindustrien er kjekt, men ikkje noko krav.

Kvifor Nortura?

Hos oss får du ein arbeidskvardag prega av ordna forhold, moderne utstyr og ei bedrift som satsar på folk og fag.

Vi tilbyr:

  • Robotiserte og moderne produksjonslinjer
  • Stødig og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for vidare kompetanse innan PLS, automasjon og teknikarutdanning
  • Løpande investeringar i utstyr og forbetringar
  • Ei rolle som bidreg direkte til trygg norsk matproduksjon
Goder og ordningar
  • Konkurransedyktig løn og tillegg for skift/vakt
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar som sikrar deg no og inn i framtida
  • Kantine og ansattbutikk med varer frå Gilde og Prior
  • Treningstilskot / treningsavtale
  • Bedriftshelseteneste og godt HMS‑fokus
 

  • Company
    Nortura
  • Application deadline
    10.05.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Næringsmidler - En gros
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    1262, OSLO
    OSLO
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6546029
  • Look here for other jobs from Nortura
  • Updated 21.04.2026