Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
13.08.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6673514Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Assistent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yter døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming og andre som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Vi tilbyr tverrfagleg oppfølging med støtte, rettleiing og opplæring i daglege aktivitetar og gjeremål. Dette omfattar mellom anna hjelp til personleg hygiene, ernæring, sosial deltaking og meistring av både somatiske og psykiske utfordringar.
Vi har ledig ei fast helgestilling på 28 % som assistent, med arbeidsstad for tida på Vassenden.
Arbeidet er organisert i turnus med arbeid kvar fjerde helg. Stillinga inneber langvakter frå fredag morgon til søndag kveld, og vaktene kan ikkje delast opp. Arbeidstida er fredag, laurdag og søndag kl. 08.00–20.30. Arbeid i bustad der du følgjer opp ein tenestemottakar i eit butiltak
Arbeidsoppgåver- Gje praktisk bistand, støtte og rettleiing til tenestemottakarar.
- Legge til rette for meistring, aktivitet og deltaking i kvardagslivet.
- Følge opp individuelle mål, tiltak og planar.
- Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar.
- Dokumentere tenesteyting og nytte digitale fagsystem.
- Har erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming og/eller autismespekterforstyrringar.
- Har interesse for å arbeide med menneske med samansette behov.
- Er trygg i møte med andre og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
- Er fleksibel, løysingsorientert og påliteleg.
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Har evne til refleksjon og bidreg til fagleg forsvarleg og etisk god praksis.
- Erfaring og kunnskap frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming.
- Kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- God digital kompetanse og evne til å ta i bruk aktuelle IT-verktøy.
- Evne til å motivere og aktivisere tenestemottakarar.
- Har førarkort klasse B (manuell gir).
- Har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Ei spennande og meiningsfull stilling der du får gjere ein forskjell i andre sin kvardag.
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Varierte arbeidsoppgåver og moglegheit for fagleg utvikling.
- Opplæring og rettleiing tilpassa behov.
Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar særleg menn til å søke på stillinga.
Det vert kravd at du kan legge fram gyldig politiattest av ny dato før tiltreding i stillinga.
Velkomen som søkar!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
13.08.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6673514Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
-
Miljøarbeidar i 100 % fast stilling – Avdeling Nymarkvegen
Sula kommune
LANGEVÅG -
Miljøarbeidar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Vernepleier / helsefagarbeidar 80-100 % fast stilling med 12,5-timarsvakter
Ål Kommune
ÅL -
Fast nattevaktstilling 67% som helsefagarbeidar
Øygarden kommune
Straume -
Skap trygge og gode dagar – bli helsefagarbeidar hos oss
Gol kommune
GOL