Företag
Kvam Herad i BrønnøysundAnsökningstiden
06.10.2024Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5855566Se här för andra jobb från Kvam Herad i Brønnøysund
- Uppdaterad 23.08.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Kvam Herad i Brønnøysund
Aktivitør/helsefagarbeidar dagaktivitetstilbod
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar?
- Me har ledig fast stilling som aktivitør/helsefagarbeidar på dagaktivitetstilbodet for Øystese/ Norheimsund. Stillinga er knytt til dagsenteret som held til på Øysteseheimen.
- Eit viktig mål for arbeidet vårt er at brukarane skal få bu heime lenger. Dagaktivitetstilbodet er viktig for at me skal nå dette målet og at brukarane våre får ein meiningsfull kvardag.
Me søkjer deg som er kreativ, engasjert og som har eit ynskje om å påverka positivt i tenesta vår.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, leia og gjennomføra aktivitetar, både inne og ute
- Motivera brukararne til aktivitet og deltaking
- Kartleggja den enkelte sine ynskjer om og mogelegheit for aktivitet
- Delta i frukostgrupper i omsorgsbustad/instiusjon
- Sikra dokumentasjon i elektronisk journalsystem
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som aktivitør
- Du må kunna delta og tilretteleggja for ulike aktivitetar inne og ute
- Førarkort for personbil
- Beherska norsk munnleg og skriftleg
- Arbeida både sjølvstendig og i team
- Bidra til å halda høg kvalitet på tenestene våre
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- likar å vera i fysisk aktivitet
- er kreativ
- har evne til å vera roleg i møte med utfordringar
- har god kommunikasjonsevne
- er tålmodig
- er engasjert og løysingsorientert
- bidreg aktivt i samarbeid med andre
- er fleksibel
Vi tilbyr
- Me tilbyr eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som deler av si erfaring og støttar deg i arbeidet
- Varierte arbeidsoppgåver der du må arbeida sjølvstendig, men og som ein del av arbeidsgruppa
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Företag
Kvam Herad i BrønnøysundAnsökningstiden
06.10.2024Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5855566Se här för andra jobb från Kvam Herad i Brønnøysund
- Uppdaterad 23.08.2024