• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    04.02.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6028361
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

2x25% fast stilling som miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Hidlamyra butilbod ligg under psykisk helse og rus, sone sør og er lokalisert på Skogsvåg. Det er omsorgsbustad med eigne leilegheiter for psykisk sjuke. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre brukarar skal oppleve tryggleik og meistring

Arbeidsoppgåver:
  • Helsefaglege oppgåver
  • Ivareta brukars individuelle behov
  • Rettleiing, observasjon og tverrfagleg samarbeid
  • Praktisk bistand
  • Ønskeleg med medisinkompetanse
  • Dokumentasjon
Kvalifikasjonar

Sjukepleier/vernepleier, eller anna relevant utdanning.
3.års sjukepleiarstudentar og vernepleiarstudentar vert oppfordra til å søke.

Ønskjeleg med:

Erfaring frå arbeid med menneske med alvorleg og langvarig psykisk sjukdom

Personlege eigenskapar:
  • Engasjert og positiv
  • Evner til å takle stress og hektiske situasjonar
  • God team-arbeidar
  • Er god til å samarbeide
  • Bidra til et godt arbeidsmiljø ved å fremje det positive
Anna:

Det vert no lyst etter 2 faste stillingar på 25% med årsturnus med 16 helger

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Avd.leiar Marianne Algrøy avd.leiar tlf  98658817

Einingsleiar Therese Helgesen tlf 91529795

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    04.02.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6028361
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune