Company
Øygarden kommuneApplication deadline
15.10.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5897277Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 27.09.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
2 stillingar som helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar i eit triveleg og utviklande arbeidsmiljø?
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Somatisk avdeling har 26 pasientar. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtids-pasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Som helsefagarbeidar hjå oss får du jobbe i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi har eigne kjøkken-assistentar på kvar gruppe 3-4 dagar i veka, og vi har aktivitør ein fast dag i veka. I tillegg har vi frivillige som hjelper oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn kvar veke. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og tilretteleggjar for kjekke aktivitetar i kvardagen.
Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Vi har rullerande festkomité, så vi har det kjekt i lag på jobb og du vil garantert bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.
Arbeidsoppgåver:- Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
- Dagleg avdelingsarbeid i samarbeid med service assistentar.
- Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid saman med sjukepleiar, fysioterapeut og lege.
- Rettleie lærlingar og elevar
- Delegert ansvar for medikamenthandtering
- Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Relevant erfaring
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
- Gyldig politiattest
- Gjerne erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
- Du er løysningfokusert og engasjert,
- Du er fleksibel, positiv og ønskjer å skape gode augneblikk for pasientar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydeleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Det er no ledig ei stilling på 70% fast og ei på 90% fast.
Stillingane inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse. Ved ønskje om større stilling kan timebank bli vurdert.
- Variert arbeid i positivt inkluderande miljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Faglege utfordringar
- Gratis parkering
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avdelingsleiar : Silje Skagen Heimdal , 56160400 / 91635608 Silje.skagen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga.
Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ynskjer kommunen å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
15.10.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5897277Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 27.09.2024