Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5970146Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
100% driftsavtale almenfysioterapi
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Informasjon om arbeidsstad og innhald i avtalen.
Øygarden kommune har ledig driftsavtale for fysioterapeut. Sund fysikalske er lokalisert i Skogsskiftet, som ligg 15 minutt køyring frå Straume.
Den som har driftsavtalen sluttar pga alder og den som overtar, kan leige vidare instituttet sine lokalar, evt. leige lokale hjå MOVA treningssenter som er i same hus. Det er ein driftsavtale på dette instituttet. Kommunalt tilsette fysioterapeutar har kontorplassering i nærleiken.
Øygarden kommune har frå før 10,5 driftsavtalar geografisk plassert i Øygarden kommune og 55% i Bergen kommune (retta spesielt mot barn) Driftsavtale for fysioterapeutane vert administrert frå eininga Helse, meistring og rehabilitering.
Arbeidsoppgåver:- Driva kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med relevant helselovgiving og planar, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helsetenesta. Delta på fellesmøte med avtaleterapeutane
- Almen fysioterapi
- Rehabilitering med aktiv tilnærming til pasientane.
- Rettleiing av pasientane til eigenmestring og fysisk aktivitet
- Individuell og gruppebasert fysioterapi
- Samarbeid med alle fysioterapeutar i kommunen og andre deler av den kommunale helsetenesta, samt spesialisthelsetenesta, og delta i møter kring enkelt pasientar ved behov
- Evt. rettleiing av studentar i praksis
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som fysioterapeut (legg ved HPR-nummer)
- Søkjer må ha klinisk kompetanse og erfaring frå almen fysioterapi, men undersøking, vurdering og behandling av varierte pasientgrupper
- Søkjar må beherska norsk skriftleg og munnleg
- Søkjar må ha gyldig politiattest
- Søkjar bør ha kompetanse innan nevrologi og/eller revmatolog og rehabilitering + bruk av fysisk aktivitet som fysioterapi tiltak/behandling
- Søkjar bør har brei relevant erfaring
- Søkjar bør har erfaring med tverrfagleg samarbeid om pasientar på ulike nivå
- Søkjar bør ha erfaring frå å drive privat praksis med avtale heimel
- Utdanning frå utlandet skal vera godkjend av NOKUT
- Lang/variert fysioterapi praksis med oppdatert kurs/kompetanseheving vert sidestilt med masterkompetanse
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Engasjement og serviceinnstilt
- Evne til refleksjon rundt eiga rolle som fysioterapeut og ansvarsområde, samhandling og pasientforløp
- Krav om jamleg fagleg oppdatering innan fysioterapifaget. Det vert forventa at fysioterapeuten tek ansvar for å sikre god pasientflyt og set inn naudsynte tiltak for at ventetida på tenesta vert så kort som mogleg
- Tildeling av avtale heimel vil skje på dei vilkår som kjem fram av ASA 4313. Alle søkjarar må legge ved relevante vitnemål, referansar og HPR-nr. Ved tildeling krev ein politiattest som nemnd i Helse- og omsorgstenestelova.
- Ved tildeling vert det lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, evne til å driva privat fysioterapipraksis og det å vera personleg egna.
- Praksisen skal drivast etter lov om kommunale helse - og omsorgstenester, ASA 4313 og kommunen sitt planverk for helsetenester
- Lokalet må ha storleik som tillèt at pasientane kan få aktiv tilnærming i behandlingstilbodet og at det er plass til personar med rullestol. Det må vera universell utforma tilkomst – viser elles til ASA 4313.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5970146Se her for andre jobber fra Øygarden kommune