Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Innlandet fylkeskommune

Vinstra vidaregåande skule - undervisningsstilling i bygg og anleggsteknikk (årsvikariat)

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Beskrivelse

 

Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 70% årsvikariat som faglærar i bygg- og anleggsteknikk i perioda 01.08.24 - 31.07.2025

Vi søkjer deg som

  • er oppteken av kvalitet i arbeidet
  • er sjølvstendig og strukturert, men trivst også med å arbeide i team
  • skapar gode relasjonar med elevar og kollegaer
  • liker å arbeide i eit miljø med ungdom
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • interessante arbeidsoppgåver i samarbeid med kollegaer
  • eit godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • inntil 70% årsvikariat

  • ledig frå 1/8-24
  • faglærar i programfag på vg1 bygg og anleggsteknikk. Eventuelt undervisning på  vg2 betong og murarfag eller tømrarfag
  • undervise for elevar med behov for ekstra tilrettelegging

Arbeidsoppgåver

  • faglærar i programfag, teori og praktisk arbeid innafor fagområdet byggfag
  • ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga i tråd med skulens kvalitetssystem, læreplanar og aktivitetsplanar
  • arbeid i team og tverrfagleg samarbeid om undervisning og rettleiing
  • samarbeide med næringslivet i aktuelle bransjar
  • ivareta og utvikle verkstad, verktøy og anna utstyr som blir brukt i undervisninga

Kvalifikasjonskrav

  • fagbrev innafor eit av fagområda: tømrarfag, betongfag eller murarfag
  • teknisk fagskole eller ingeniørhøgskole er ein fordel, eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning

 

Ønskte eigenskapar

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • serviceinnstilt og imøtekommande
  • fleksibel og løysningsorientert

 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.