Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
29.06.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6261130Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Vil du vere med på å skape gode møteplassar for barn og unge i Øygarden?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ungdomsklubben på Ågotnes er ein møteplass for elevar på 8.-10.trinn. Klubben har ope torsdagar kl. 18.00-20.30 på Frihuset på Ågotnes.
På klubben kan ein kome for å spele spel, game, delta i ulike aktivitetar og konkurransar eller berre henge.
Ungdomsklubben på Rong er ein open møteplass for elevar på 8.-10.trinn. Klubbkveldane finn stad på Øygarden ungdomsskule annan kvar onsdag kl. 18.00-20.30. På programmet står ulike spel, konkurransar og turneringar, open kiosk og kjekke utflukter.
Fritidsklubbane skal vere opne og inkluderande møteplassar med gode aktivitetstilbod. Barn og unge skal sjølv få vere med og bestemme innhaldet i klubbane.
Vi har ledig stilling som 14% fast stilling som klubbmedarbeidar i ungdomsklubb. Arbeidsstad Rong eller Ågotnes.
Arbeidsoppgåver:- Vere aktivt til stades som ein trygg vaksen på klubben
- Ta initiativ til aktivitetar med barna
- Delta i planlegging av klubbkveldar
- Førebu og gjere innkjøp av matvarer, utstyr og materiale til aktivitetar
- Delta på personalmøte og bidra med innspel til saker
- Marknadsføring i sosiale medium og andre kanalar
- Det kan vere aktuelt å bidra inn i andre tiltak som ferieaktivitetar for barn når klubbane held feriestengd
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og ungdom
- Gyldig politiattest
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Utdanning innan barne og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning
- God digital kompetanse
- Kjennskap til MOT sine verdiar og gjerne erfaring frå MOT i skulen
- Du er ein trygg vaksen i møte med barn og unge
- Du trivs med å jobbe aktivt med målgruppa og i samarbeid med andre
- Har evne til å motivere målgruppa og skape eit godt fellesskap
- Du har god gjennomføringsevne og er ikkje redd for å ta i eit tak
- Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta
- Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og unge
- Utfordrande, varierte og spannande arbeidsoppgåver
- Deltidsstilling som kan kombinerast med studium eller andre jobbar
Fritidsklubbane følgjer skuleåret og har i hovudsak stengd i skuleferiane. Dei tilsette har 5 vekers ferie og kan få andre oppgåver knytt til aktivitetstilbod for barn og unge i periodane klubben har stengd.
Kontaktperson: Hilde Kristin Egeland, telefon 975 85 142Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
29.06.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6261130Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Lærling i Service- og administrasjonsfaget
Øygarden kommune
STRAUME -
Øygarden kommune søkjer prosjektleiar for utbyggingsprosjekt
Øygarden kommune
STRAUME -
Fritidskontakt/ støttekontakt - Helse og velferd
Øygarden kommune
STRAUME -
Ferievikarar Helse og velferd 2025
Øygarden kommune
STRAUME -
Miljøterapeut 80% fast
Øygarden kommune
Straume