Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
17.05.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6604550Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Vil du jobbe innan psykisk helse og rus i Sogndal kommune?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
100% fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar
80% vikariat som psykiatrisk sjukepleiar/miljøterapeut
Brenn du for psykisk helse og rusfeltet? Ynskjer du å hjelpe personar i ein vanskeleg situasjon? Har du lyst å jobbe innan fagområde psykisk helse og rus?
No har me ledig 100% fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar, og i 80 % stilling i vikariat som psykiatrisk sjukepleiar/miljøterapeut i psykisk helseteam.
Psykisk helseteam er eit lågterskeltilbod til vaksne over 18 år i Sogndal kommune som har utfordringar innan psykisk helse og-/eller med rusmiddelbruk. Tilbodet består av individuell oppfølging, hovudsakleg i form av samtalar. Tenesta følgjer opp brukarar som til dømes har utfordringar innan angst, depresjon, livskriser, utmatting og problematisk rusmiddelbruk eller annan avhengigheit.
Psykisk helseteam har tett samarbeid med Rask psykisk helsehjelp og aktivitetstilbod innan psykisk helse og rus. Psykisk helseteam har tilsette i Sogndal, Leikanger og Balestrand.
Den faste stillinga har kontorstad Leikanger, og vikariatet er delt mellom Sogndal og Leikanger.
Som ein del av psykisk helseteam skal du bidra til at psykisk helse- og rustenesta gir eit godt tilbod til innbyggjarar i Sogndal kommune i form av førebygging og behandling av psykisk helse- og rusutfordringar. Dette inneber å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar.
Dersom det i tilsettingsperioden blir ledige andre stillingar i psykisk helse og rustenesta, kan søkjarar bli vurdert til desse.
Arbeidsoppgåver og ansvar:
Kartlegge brukar sitt behov og gi individuelt tilpassa oppfølging
Støttesamtalar og hjelp i kvardagen
Delta i ansvarsgrupper
Pårørandearbeid
Ha samarbeid med andre tenester i kommunen, spesialisthelsetenesta, NAV m.M.
Kvalifikasjonar:
Treårig helse- og sosialfagleg utdanning som sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom frå universitet/høgskule
Vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rusproblematikk
Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus vil vere eit føremon
Kjennskap til Gerica
Førarkort klasse B
Gode norsk kunnskapar
Politiattest av nyare dato ved tilsetting
Personlege eigenskapar:
Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig
Har god relasjonskompetanse
Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar
Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar
Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd
Me tilbyr:
Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling
Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar
Eit godt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Arbeidstid på dagtid
Lønn etter tariffavtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
17.05.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6604550Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Miljøterapeut
Sogndal kommune
Leikanger -
Ferievikar 2026, Leikanger heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger -
Barnehagelærar: 100% fast stilling i Sagatun barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Ferievikar 2026, Leikanger sjukeheim
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Tilkallingsvikar barnehagane på Leikanger
Sogndal kommune
SOGNDAL