Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Norsk rikskringkasting AS

Vil du bli kollegaen vår?

Radio- og TV-selskaper

NRK Sogn og Fjordane har som eitt av sine satsingsområde å styrke den grundige journalistikken. Vi er på jakt etter ein journalist som kan jobbe fram eigne saker og som kan løfte fram viktige historier frå Sogn og Fjordane til heile landet

Du vil få jobbe både nett, radio og TV og levere saker til lokale sendingar og til riksredaksjonane i NRK. Du vil få mykje ansvar og stor tillit.

NRK Sogn og Fjordane har hovudkontor i Førde sentrum og lokalkontor på Eid og i Sogndal. Vi er ein redaksjon med eit godt arbeidsmiljø og mange unge medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver
  • Nyheitsarbeid for nett, radio og TV.
  • Jobbe fram eigensaker.
  • Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle plattformer.
  • Det kan bli helg- og turnusjobbing.
Kvalifikasjonar
  • Meistrar både rask oppdatering og å jobbe fram grundige saker.
  • Skriv korrekt og god nynorsk og har ei sikker munnleg språkføring.
  • Har god digital forståing og er oppdatert på nye publiseringsformer.
  • Har erfaring og interesse for stillbilete og levande bilete.
  • Har førarkort.
Personlege eigenskapar
  • Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idèar.
  • Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Kan jobbe raskt og effektivt under press.
  • Har gode samarbeidsevne.
Vi tilbyr
  • NRK vart i 2018 kåra til den mest attraktive arbeidsplassen i medienoreg.
  • NRK Sogn og Fjordane har eit godt arbeidsmiljø og mange unge medarbeiarar
  • I NRK Sogn og Fjordane vil det vere gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
  • NRK har privat AFP-ordning og gode pensjons- og forsikringsordningar.