Bedrift
Vest Telemark BrannvesenSøknadsfrist
20.08.2019Bransje
BrannvesenUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
3891, HØYDALSMO
TOKKE
NorgeAndre arbeidssteder
Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke, VinjeAntall stillinger
2karriere-kode
1963082Se her for andre jobber fra Vest Telemark Brannvesen
- Oppdatert 02.08.2019
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vest Telemark Brannvesen
Vest Telemark brannvesen søkjer etter 2 nye feiarar
Brannvesen
Interkommunalt brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS er eit samarbeid for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Selskapets føremål er å samarbeide om brannvesen og utføre lovpålagde brannførebyggande oppgåver i vertskommunane. Brannsamarbeidet har kontorstad i Høydalsmo. Vi har i dag 6 feiarar tilsett.
Då oppdragsmengda er aukande grunna ny forskrift med pålegg om feiing og tilsyn av både bustader og fritidsbustader har vi behov for å etablere nye feiarlag med oppstart frå 01.01.2020.
Vi søker derfor etter to nye feiarar.
Feiarane har utgangspunkt i Høydalsmo, men for søkjarar som bur andre stader vil ein prøve å legge til rette for fleksible løysingar.
Arbeidsoppgåvene er feiing av røykkanalar og fyringsanlegg, tilsyn med bustader/fritidsbustader og førebyggande brannvern. Feiarane jobbar i team og overlappar der det er naudsynt innan brannsamarbeidets arbeidsområde.
KRAV TIL STILLINGA:
- Fagbrev som feiar/eller anna relevant håndverkarfagbrev. Den som får jobben må vera viljug til å ta utdanning som fyller forskriftskrav dersom dette manglar.
- Sjølvstendig og påliteleg.
- Gode samarbeidsevner.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne og kunnskap innan data.
- Førarkort klasse B.
- God helse og fysikk.
Ein vil oppmode kvinner om å søkje.
Lønn etter avtale. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som fylgjer av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement. Det er 2% pensjonsinnskot i KLP.
Den som får tilbod om stillinga må framlegge helse og politiattest av nyare dato.
Ein tek atterhald om endringar i stillingas arbeids- og ansvarsområde som fylgje av framtidige organisasjonsendringar.
Søknad med CV kan sendast: Vest Telemark Brannvesen v/Tore Metveit, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo.
Eller: tore.metveit@vtbv.no innan 20.08.19
Spørsmål om stillinga kan rettast til brannsjef Tore Metveit, tlf. 970 16 957 eller styreleiar Gunnar Eilefstjønn, tlf. 917 74 311.
Bedrift
Vest Telemark BrannvesenSøknadsfrist
20.08.2019Bransje
BrannvesenUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
3891, HØYDALSMO
TOKKE
NorgeAndre arbeidssteder
Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke, VinjeAntall stillinger
2karriere-kode
1963082Se her for andre jobber fra Vest Telemark Brannvesen
- Oppdatert 02.08.2019