Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
06.10.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5902327Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vestnes kommune
Vernepleiar - 100 % fast stilling - Kariplassen C
Offentlig forvaltning
Vi søkjer etter vernepleiar til ledig 100 % stilling ved bueining Kariplassen C.
Arbeidstid
Det er langturnus der ein er på arbeid i to eller tre døgn sammenhengende. Ein arbeidar kvar 4.helg. Det er lagt inn tilsaman ti timar pause / kviletid i arbeidstida per døgn. Arbeidet er organisert i team der ein er tre tilsette på jobb til ei kvar tid. Sammensetjinga av dei ulike teama er rullerende ut i frå turnusplan.
Av omsyn til brukar sin situasjon og arbeidet sin eigenart vil berre mannlege søkjarar bli vurdert.
Arbeidsstad
Kariplassen C ligg i nærleiken av Vestnes sentrum. Bu-og habiliteringstenestene yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i heimen til den enkelte og er individuelt tilrettelagt.
Arbeidsoppgåver
- nødvendig oppfølging i dagleglivet. Bidra til fagleg arbeid ved eininga og i tenestemotakaren sitt liv
- observere, registrere og kartlegge . Dersom det er nødvendig med bruk av tvang, har du ansvar for saksutgreiing, gjennomføring og evaluering av tiltak
- medikamenthåndtering (dersom helsepersonell)
- gi opplæring til kollega i høve Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og andre faglege tema
- utarbeiding av rutiner i tråd med aktuelt lovverk, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar som er utdanna vernepleiar.
For stillinga legg vi og vekt på følgjande eigenskapar og innstilling til arbeidet:
- god kunnskap om psykisk utviklingshemming
- kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- ferdigheter innan målretta miljøarbeid og individuell tilrettlegging
- ønskeleg med kompetanse i handteringog førebygging av utfordrande atferd
- rettleiingskompetanse
- ha gode kommunikasjonsevne
- ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med autismeproblematikk
- datakunnskap
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- du må ha førarkort kl B.
Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- evne til å skape "det gode liv" for tenestemotakaren
Vi tilbyr
- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
06.10.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5902327Se her for andre jobber fra Vestnes kommune