• Bedrift
    Arbeidstilsynet
  • Søknadsfrist
    02.11.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5014, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2194921
  • Se her for andre jobber fra Arbeidstilsynet
  • Oppdatert 21.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Arbeidstilsynet

Ved Arbeidstilsynet Vestlandet, Arbeidstidseininga, er det ledig 1 års vikariat som juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar

Offentlige tjenester og forvaltning

Ved Arbeidstilsynet Vestlandet Arbeidstidseininga, er det ledig  vikariat fra 1. januar 2020 til 31. desember 2020 som juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar.


Arbeidsstad: Bergen

Arbeidstilsynet si kjerneoppgåve er å føre tilsyn med at verksemdene følgjer krava i arbeidsmiljølova.

Arbeidstilsynet arbeider etter følgjande hovudstrategiar for å fremje eit godt arbeidsliv:
- satsingar i spesielt utsette bransjar
- styrke samarbeidet med partane i arbeidslivet for å få til varige arbeidsmiljøforbetringar i verksemdene.
- spreie kunnskap til dei som er nye i arbeidslivet, til unge arbeidstakarar og til nye verksemder, om rettar, plikter og kva som skaper eit godt arbeidsmiljø.
- aktiv oppfølging av tips og meldingar
- gjennomføre tilsynsaktivitet på grunnlag av årlege prioriteringar

 

Arbeidstidseininga har nasjonalt fagansvar på arbeidstidsområdet og ansvaret for handsaminga av søknader til Arbeidstilsynet om godkjenning av arbeidstidsordningar. Eininga har 10 tilsette. I tillegg til å handsame søknader driv arbeidstidseininga informasjon og rettleiing om arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova for verksemder, publikum generelt, media og internt i Arbeidstilsynet.

Vi kan tilby ein spanande og utfordrande jobb i ein moderne statsetat, der du som del av eit fagmiljø vil kunne påverke utviklinga av Arbeidstilsynet og norsk arbeidsliv.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeidet omfatter generell sakshandsaming etter arbeidsmiljølova kap.10.og 11. i tillegg til klagesaker, utgreiing  av juridiske problemstillingar og tolking til regelverk.
  • Du skal også gje intern og ekstern rettleiing innan fagområdet.
  • Du skal delta aktivt i utviklinga av eininga og bidra til effektiv oppgåveløysing.
  • Du skal medverke til gjennomføringa av etaten sitt mål gjennom samarbeid og god kommunikasjon internt og eksternt.
Kvalifikasjonar
  • Du må ha juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitskap.
  • Erfaring frå juridisk sakshandsaming og annan generell arbeidserfaring er ein føremon, men ikkje eit krav.
  • Vi legg vekt på kandidaten sin interesse for arbeidsrett, og helse-, miljø-, og tryggleiksarbeid.
  • Vi legg  vekt på gode kommunikasjonsevner, samarbeidsevner og andre personlege eigenskaper.
  • Du må kunne skrive både bokmål og nynorsk.
Personlege eigenskapar
  • du er samfunnsengasjert, initiativrik og resultatorientert
  • har god talforståing
  • har fokus på kvalitet og tek ansvar for å nå mål som er planlagt
  • er effektiv og strukturert
  • er god til å samarbeide med andre og arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
  • spanande, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • personleg og fagleg vekst gjennom tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt kompetansedeling og stor grad av sjølvstendig arbeid
  • fleksibel arbeidstid
  • Stillinga vil verte plassert i Statens lønsregulativ, rådgjevar kode 1434 eller seniorrådgjevar stillingskode 1364, kr 530.000 – kr 610.000.
  • For særskild kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn vurderast.
  • lønnsplassering heng saman med erfaring og kvalifikasjonar.
  • god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå lønna vert det trekt 2 %).
  • Stillinga meførar noko reising. Skyss og kostgodtgjersla etter Staten sitt regulativ
  • Medarbeidarar i Arbeidstilsynet har svært avgrensa høve til å ha bi-erverv utanfor etaten.
 

  • Bedrift
    Arbeidstilsynet
  • Søknadsfrist
    02.11.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5014, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2194921
  • Se her for andre jobber fra Arbeidstilsynet
  • Oppdatert 21.10.2019