• Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    02.01.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Rauma
    RAUMA
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5955142
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 03.12.2024
Ledig stilling

Rauma kommune

Undervisningsstilling, 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stilling
Grunnskulelærar i 100% fast stilling. Pr. tiden Måndalen skule. Stillinga er ledig/dato for tilsetjing er omgåande eller etter nærare avtale.

Arbeidsplassen
Måndalen skule er ein heilt ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Måndalen skule er plassert i naturskjønne omgjevnadar der fjord og fjell legg til rette for flotte mogelegheiter i både skulekvardagen og på fritida. Skulen har 96 elevar fordelt på 1.- 10. trinn, og eit samla personale på 18 tilsette. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule - Rauma kommune

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning hovudsakleg på 5.-10.trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).
  • Kontaktlæraransvar kan bli tillagt stillinga.

Krav til kvalifikasjonar:

  • Utdanning som grunnskulelærar, fortrinnsvis 5-10. trinn.
  • God digital kompetanse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Det er ønskje om:

  • Ulike fag er relevant, men det er ønskjeleg med norsk (60 stp), engelsk (60 stp) og spesialpedagikk i fagkretsen.
  • Relevant erfaring er ønskjeleg, også frå spesialpedagisk arbeid. Menn oppfordrast til å søkje.

Personlege eigenskapar:

  • Du har evne til å planleggje, arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Du evner å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer.
  • Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder.
  • Du har stor arbeidskapasitet, evne til å fokusere, og arbeider for eit godt læringsmiljø med fagleg utbytte for alle.
  • Du har erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og tek i bruk skulens digitale moglegheiter og løysingar for å fremje elevane si læring.
  • Du tenkjer positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar.
  • Du bidreg og stimulerer til utvikling av organisasjonen i sin heilskap.
  • Du er tydeleg og omgjengeleg i din kommunikasjon, både internt på skolen og eksternt ovanfor våre samarbeidspartnarar.

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet. 

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15. 

Søknad 
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no. 
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.

 

 

  • Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    02.01.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Rauma
    RAUMA
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5955142
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 03.12.2024