• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.09.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5840687
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.08.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Underbrannmeister 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden brann og redning (ØBR) er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. Her held også førebyggjande avdeling til.

Øygarden brann og redning har ledig 1 fast stilling som underbrannmeister i stillingskode 7004 fom 01.01.2025. Denne stillinga skal innplasserast i dagkasernert styrke på Ågotnes. I tillegg skal stillinga, etter kvart, innplasserast i fast vaktberedskap fritid i ein av stasjonane Dalsneset brannstasjon, Skogsskiftet brannstasjon eller Ågotnes brannstasjon. 

Om avdelinga:

ØBR si beredskapsavdeling har til saman 60 personar som ivaretek brann og redningsberedskapen i Øygarden kommune. Disse mannskapa er fordelt på 3 brannstasjonar. Avdelinga har per i dag 7 heiltidsstillingar. Beredskapen er ivareteken av ei dagkasernert styrke på Kollsnes og med deltidsmannskap heimevaktordning.  I tillegg skal vi nå etablere ei dagkasernert styrke på Ågotnes beståande av 4 tilsette. Implementering av denne dagkasernerte styrken skal skje i to trinn i 2025-2026.

Arbeidsoppgåver:
  • Underbrannmeister skal delta i ØBR sin beredskap mot brann, ulykker og anna som brann og redningsvesenet vert kalla ut for handtere.
  • Må vere i stand til å utføre røykdykking, vere sjåfør på køyretøy og båtar vi disponerer.
  • Må være aktiv i eigen kompetansebygging. Dersom den som vert tilsett ikkje har den formalkompetanse det er krav om for å inneha stillinga, pliktar vedkomande å delta på den opplæringa som er naudsynt.
  • Dagleg drift av brannstasjon og vedlikehald av utstyr tilhøyrande ØBR
  • Fungere som utrykkingsleiar ved brannmeister sitt fråvær
  • Det kan vere aktuelt å legge eit særskilt fagområde til stillinga
Kvalifikasjonar:  Søkjar må ha:
  • Kompetanse i tråd med «Forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralene (brann- og redningsvesenforskriften)» § 41 utrykkingsleiar heiltid eller deltid. Har du berre deltid må du vere villig til å gjennomføre nødvendig utdanning for å tilfredsstille kravet som heiltid etter tilsetjing.
  • Ha god helse og vandel ihht krav i røykdykkerveiledningen. Legeattest som stadfester dette og bestått fysisk test er vilkår før tilsetting.
  • Inneha bilsertifikat kl. BEC. BEC kan takast etter tilsetjing for eigen rekning (frist 01.04.2025).
  • Kode 160 (utrykkingskøyrekompetanse). Kan takast etter tilsetjing.
  • Kunne delta i fritidsvakt i 4-delt turnus i ØBR i tillegg til hovudstilling.
  • Ved inntreden i fritidsvakt, må ein ha bustadadresse, slik at ØBR si utrykkingstid ikkje er i konflikt med krav iht forskrift/rettleiing. Dette kravet er 5 minutt oppmøtetid til stasjonen ved alarm i vaktperiode (fritidsvakt). Fritidsvakt vil vere utanom arbeidstid.
Ønskeleg med:
  • Kompetanse i tråd med «Forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralene (brann- og redningsvesenforskriften)» § 41 utrykkingsleiar heiltid.
  • Kode 160 (utrykkingskøyrekompetanse).
  • Erfaring med yrkesbåt/maritimt virke.
  • Båtførarbevis.
  • Relevant fagbrev, anna beredskaps- og helserelatert utdanning.
Personlege eigenskapar:

Samfunnsengasjert og beredskapsorientert, evne og vilje til å yte sitt beste under stress og evne til å jobbe i team, god trenings- og øvingsmentalitet i forhold til oppgåvene som kan komme.

Anna:
  • Stillinga rapporterer til brannmeister for dagkasernert styrke.
  • Arbeidstid i hovudsak kvardag 0730-1500, men noko tilpassing med ettermiddag/kveldsarbeid for å delta i fritidsvakt (øving og anna planlagt arbeid)
  • Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest etter brann og eksplosjonsvernloven § 18 med tilfredsstillande vandel
  • Tiltreding 01.01.2025 eller etter avtale
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Brannmeister Eirik Torsvik Monssen på tlf 926 38 608 eller e-post eirik.monssen@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.09.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5840687
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.08.2024