• Bedrift
    Buskerud fylkeskommune
  • Søknadsfrist
    27.05.2019
  • Stillingsfunksjon
    Undervisning
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1767503
  • Se her for andre jobber fra Buskerud fylkeskommune
  • Oppdatert 16.05.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Buskerud fylkeskommune

TILRETTELEGGINGSLEIAR

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Ål vgs - Tilretteleggingsleiar

Om skulen

Ål vidaregåande skole er ein kombinert skule med vekt på yrkesfag. Skulen har 250 elevplassar fordelt på 17 klassar.
Skulen er opptatt av å setje elevane i sentrum. Tilsette engasjerer seg for å vere inkluderande, ha gode relasjonar til alle og arbeide mot målet om å skape ein god skule for alle. Meir informasjon finn du på www.al.vgs.no

Om stillinga

Me har ledig inntil 100 % fast stilling som tilretteleggingsleiar, i kombinasjon med undervisning. Tilretteleggingsarbeidet famnar alt frå elevar med individuell opplæringsplan (IOP), til elevar som treng mindre tilrettelegging for å klare og gjennomføre opplæringa på ein god måte. Til stillinga ligg det også; 1) å administrere og leie arbeidet til det nyoppretta tilbodet for ungdommar med kort butid, Kombinasjonsklassen, og 2) leggje til rette for og koordinere elevassistentane og spesialpedagogisk tilsette sitt arbeid. Tilretteleggingsleiaren arbeider tett med elevar, kontaktlærarar, føresette, rådgjevarar, PPOT, ungdomslos og assisterande rektorar.

Stillinga inneheld personalansvar og eit avgrensa økonomisk ansvar. Tilretteleggingsleiaren er ein del av skulen si leiargruppe.

Undervisningsdelen av stillinga vil variere i storleik og er ikkje knytt til bestemte fag ved tilsetjing. Me ynskjer primært å tilsette på bakgrunn av gode kvalifikasjonar og eigenskapar som tilretteleggingsleiar.
Skulen er kjent for å vere tett på elevane og sjå kvar einskild. I dette viktige arbeidet har tilretteleggingsleiaren ei sentral rolle. Dette er eit spennande jobbtilbod til deg som har lyst til å hjelpe og legge til rette for ungdommar som treng tilpassing i vidaregåande skule! Noko for deg?

Kvalifikasjonar

Me søker ein medarbeidar som kommuniserer godt med elevar og kollegaer og som kan rettleie og koordinere innanfor dei aktuelle fagfelta. Det er avgjerande at vedkomande har eit inkluderande og positivt elevsyn. Det vil vere ein styrke, men ikkje eit krav, med utdanning/erfaring innan spesial- og migrasjonspedagogikk. Ferdigheiter innanfor andre fag, og erfaring med undervisning i vidaregåande skule, kan også bli vektlagt. Det same gjeld personlege eigenskapar. I tillegg er det eit krav at vedkomande beherskar norsk, skriftleg og munnleg.

Den som vert tilsett må forplikte seg til å arbeide etter prinsippa i skulen sin pedagogiske plattform. Skulen nyttar digital
læringsplattform og den som søker må beherske IKT både som undervisnings- og arbeidsverktøy. Skulen har ein aktiv
delingskultur, både i og mellom ulike fag, og det er derfor viktig å vere samarbeid- og utviklingsorientert.

Tilsettingsvilkår

Løn og arbeidsvilkår i tråd med det til ein kvar tid gjeldande lov- og avtaleverk.
For tilsetting i skulen krevst det at gyldig politiattest av nyare dato blir framlagt før tilsetting, jf. Opplæringslova.

Anna

Me gjer merksam på at søkarar kan bli gjort offentleg, sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. I slike tilfelle blir søkar varsla og får høve til å trekke søknaden.
Aktuelle kandidatar blir kontakta for intervju. Til intervjuet ber me deg ta med bekrefta kopiar av vitnemål og attestar/originale dokument. Det blir teke atterhald om endringar i tilsettingsbehovet fram til tilsetting skjer.
Fylkeskommunen ynskjer eit mangfald og oppfordrar alle kvalifiserte til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller nasjonalitet. Du søker elektronisk på våre stillingar.

 

  • Bedrift
    Buskerud fylkeskommune
  • Søknadsfrist
    27.05.2019
  • Stillingsfunksjon
    Undervisning
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1767503
  • Se her for andre jobber fra Buskerud fylkeskommune
  • Oppdatert 16.05.2019