• Bedrift
    Bykle kommune
  • Søknadsfrist
    01.05.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk, engelsk
  • Adresse
    4754, BYKLE
    BYKLE
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Bykle
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1617115
  • Se her for andre jobber fra Bykle kommune
  • Oppdatert 10.04.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Bykle kommune

Tenesteleiar for Helsetenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å utvikle ein spanande og attraktiv kommune i Setesdal? Er du ein strategisk og samlande leiar som har kompetanse til å utvikle helse- og omsorgstenesta i Bykle kommune saman med dyktige og engasjerte tilsette? Da er du den vi søkjer!

Vi søkjer ein utviklingsretta og resultatorientert tenesteleiar. Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Det er Bykle som er vertskommune. Tenesta består av fylgjande deltenester: fastlege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Det er fokus på økonomi, innovasjon og utvikling i tenesta og eit nært samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.

Du finn meir informasjon om Bykle Kommune påwww.bykle.kommune.no. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dei det gjeld vil bli kontakta dersom offentleggjering blir aktuelt.

Arbeidsoppgåver
  • Heilskapleg ansvar for helsetenesta og utvikling av denne
  • Strategisk ansvar, vurdere, initiere og gjennomføre naudsynte endringsprosessar
  • Driftsansvar, heilskapleg ansvar for økonomi og drift innafor fastsette rammer
  • Personalansvar for alle faggrupper og sikre eit godt arbeidsmiljø
  • Prosjektinitiering og leiing
  • Samarbeide med andre kommunale einingar, spesialisthelsetenesta og interkommunale samarbeid
Kvalifikasjonar
  • Høgare relevant utdanning på masternivå frå høgskule eller universitet innan fagfelta økonomi, leiing, administrasjon
  • Leiarerfaring og gjerne erfaring frå kommunal sektor
  • Helsefagleg utdanning er ein fordel
  • God norsk skriftleg- og munnleg framstillingsevne er ein forutsetning
Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein tydeleg leiar som er fleksibel, engasjert og resultatorientert og som trivast i ein hektisk kvardag med leiaransvar. Du kommuniserer og samarbeider godt og har kompetanse som kan bidra til dynamikk, vekst og utvikling. Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben.

Vi tilbyr
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad

Ved spørsmål, kontakt:

Janne Krohn Grimsmo, Senior rådgiver
Tlf. 918 94 302, e-post: jkg@activepeople.no

 

  • Bedrift
    Bykle kommune
  • Søknadsfrist
    01.05.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk, engelsk
  • Adresse
    4754, BYKLE
    BYKLE
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Bykle
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1617115
  • Se her for andre jobber fra Bykle kommune
  • Oppdatert 10.04.2019