Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
29.06.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6037, EIDSNES
SULA
Antall stillinger
1karriere-kode
6261266Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Styrar Sunde barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du arbeide saman med oss for å gi barn ein god oppvekst i Sula kommune?
I Sula kommune har vi barnehagar av høg kvalitet, og Sunde barnehage er ein av desse. Barnehagen har to avdelingar, ei småbarns- og ei storbarnsavdeling. Barnehagen ligg plassert nydeleg til på Sunde og har ein friluftsprofil. Alle som kjem til Sunde barnehage skal oppleve at dei er viktige og blir sett og forstått. Tilknyting, omsorg og tilhøyre er viktig for alle, og ekstra viktig for små barn. Dette har vi stort fokus på, og er det viktigaste i barnehagen vår.
Som leiar frå du ein gjeng motiverte medarbeidarar med på laget ditt. Du er med i leiargruppa i kommunalområde kultur og oppvekst, samt at du vert ein del av kommunedirektøren si mellomleiargruppe. I tillegg får du bidra til tverrfagleg utvikling gjennom Utdanningsdirektoratet sine kompetanseordningar og i internasjonalt utdanningsarbeid.
Sula kommune har ein organisasjonsstrategi som skal bidra til at vi nyttar vår samla kompetanse til å nå kommunen sine mål, som er å levere gode og berekraftige tenester til innbyggarane. Leiarane går føre og viser veg. Sunde barnehage ønsker å ha deg som vil vere med å bidra til endring og utvikling av barnehagen, med på laget.
Visjonen til barnehagen "Med omsorg for framtida" Les gjerne meir om oss på heimesida vår Sunde barnehage - Sula kommune
Stilllinga er ledig frå 01.08.25
Kvalifikasjoner:
- Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
- Styrarutdanning/leiarutdanning, og/eller relevant leiarerfaring
- God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Høg digital kompetanse
- God økonomisk kompetanse
- Gode norsk kunnskaper, både skriftleg og munnleg framstilling. Tenestemål i Sula kommune er nynorsk
- Gyldig politiattest nyare enn 3 mnd, må leggast fram før oppstart i stillinga
Personlige egenskaper:
Vi søker etter deg som er ein leiar som:
- er løysingsorientert, nytenkande og utviklingsorientert. Ein inspirerande leiar som set tydeleg retning
- er strukturert og systematisk i arbeid med å oppnå gode resultat
- identifiserer deg med kommunen og barnehagen sin visjon og verdiar
- er open og ærleg med ein naturleg autoritet som skaper positivt engasjement i arbeidsfellesskapet
- har evne til å ivareta og vidareutvikle barnehagen sin kultur og sitt leike- og læringsmiljø
Personelege eigenskaper vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
- engasjert og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsfellesskap
- godt samarbeid mellom leiarane i barnehagane og tverrfaglege samarbeidspartar
- lønn etter gjeldande tariff.
- Frå lønna blir det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
29.06.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6037, EIDSNES
SULA
Antall stillinger
1karriere-kode
6261266Se her for andre jobber fra Sula kommune