Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Asplan Viak AS

Sommerjobb innen ingeniørgeologi

Gjennom ein sommarjobb hjå Asplan Viak får du ta del i eit av Noregs største rådgjevande ingeniør-, plan- og arkitektfirma. Vi planlegg og gjev råd med dei som kjem etter oss i tankane – difor går berekraft igjen i alt vi gjer. 

Vi søkjer no etter dyktige studentar som ønskjer å bruke kunnskapen sin i praksis. Sommarjobb hjå oss gjev deg moglegheit til å bli kjend med rådgjevar- og konsulentbransjen og få kjennskap til eit av våre kompetanseområde. Ingeniørgeologane er ei gruppe på Leikanger som består av 7 dyktige ingeniørgeologar og geologar. Vi jobbar tett saman med dei andre faga og dei andre kontora. 

Kvifor sommarjobb hjå Asplan Viak? 
Hjå oss vil du få ta del i spanande prosjekt og få fagleg relevante arbeidsoppgåver. Du vil få god oppfølging og rettleiing av ein fadder, og vi trur du vil ta med deg mykje ny kunnskap. Du vil tilbringe delar av sommarferien din med ein flott gjeng kollegaer i eit godt sosialt og tverrfagleg miljø. Arbeidsperioden vil vere 2-3 veker i juni og 2-3 veker i august. 

Vi trur du 

  • Studerer ein relevant master, hovudsakleg på fjerde året. 
  • Har interesse for ingeniørgeologi, og er nysgjerrig på kvardagen som rådgjevar. 
  • Er engasjert og trivst med å jobbe i team. 
  • Likar å delta i ei gruppe med høgt engasjement og mange faglege diskusjonar, og trivst med høgt tempo. 
  • Har gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg. 

Vi kan tilby: 

  • Meiningsfylte arbeidsoppgåver – Asplan Viak jobbar for å levere berekraftige og varige løysingar og hadde ikkje klart det utan våre dyktige tilsette. 
  • Eit godt sosialt og tverrfagleg miljø der du får samarbeide med dyktige og engasjerte kollegaer. 
  • Moglegheiter for fagleg utvikling. 

Synest du det høyrest spanande ut med sommarjobb hjå oss i 2025? Vi gler oss til å få di søknad. Send oss ein søknad med eit kort motivasjonsbrev, CV og vitnemål. Vi vurderer søknader fortløpande.
Asplan Viak legg vekt på mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, legning, funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn.