Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
01.03.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6042977Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Sommarvikar ved helse- og omsorgstenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helse- og omsorgsavdelingane søker deg som vil jobbe ved Heimetenesta, Miljøterapitenesta, Psykisk helse og Gol helsetun; sjukeheim og kjøkken.
Vi ynskjer kontakt med personar som vil arbeide som sommarvikar hos oss. Vi treng assistentar, som ikkje har utdanning innan vårt fagfelt, fagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleiarar eller anna høgskuleutdanning innan helse og omsorg. Du kan gjerne vera student, heimeverande eller pensjonist. Dei som kan arbeide i hovedferieperioden vil bli prioritert.
Litt om avdelingane våre og kva vi søkjer:
Gol helsetun består av områda Sjukeheim, Dagsenter, Nattenesta og Kjøkken. Vi har til saman 32 kort- og langtidsplasser og gir tenester til eldre med omfattande behov for medisinsk behandling, pleie og omsorg, samt tilbod om avlastning til pårørande med tyngande omsorgsoppgåver.
Kontaktpersonar:
Sølvi Listøen, avdelingsleiar, tlf. 480 98 569
Linda Muggerud Anderssen, avdelingsleiar, tlf 916 73 979
Andreas Svensson, Kjøkkensjef, tlf. 401 00 253
Heimetenesta gir tenester til heimebuande i private heimar og omsorgsbustadar, som har behov for nødvendig helsehjelp.
Vi søker pleieassistentar som kan bistå tenestemottakarane med personleg hygiene, tilrettelegging av måltid mm. Det er ønskeleg at du har førarkort.
Kontaktperson:
Hanna Dupont, avdelingsleiar, tlf. 916 73 990
Miljøterapitenesta gir tenester til personar med utviklingshemming som bur i eigen heim og i avlastningsbustad. Våre einingar er Helsetunvegen1 og 2, Kristenbråten, Vesterhusvegen og Arbeidssenteret. Vi søker etter deg som ønsker å sette brukaren i fokus, som vil bidra til gode og meiningsfylte kvardagar, aktivitet og sosial kontakt.
Arbeidsoppgåver er tilrettelegging, rettleiing, omsorg og pleie til brukarane etter individuelle behov.
Kontaktpersonar:
Aina Haugstad, avdelingsleiar, tlf 916 73 902
Psykisk helse og rus gir førebyggande, koordinerande, og oppfølgande tenester i heimen. Samt at vi gir heldøgnstenester i et bofellesskap med ulikt utfordringsbilde.
Kontaktperson:
Nic M. Eilertsen, områdeleiar Psykisk helse, tlf 468 80 253
Kvalifikasjonar:
• Vi søkjer både etter deg som har utdanning og deg som ikkje har det, men ynskjer å jobbe hos oss i sommar – du vil få god opplæring
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg på B2-nivå
Vi ynskjer at du:
• er glad i å jobbe med menneske
• kommuniserer godt med dei du skal jobbe med
• har gode samarbeidsevnar
• har høy grad av relasjonskompetanse
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
For stillinga gjeld:
• Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande reglement, lov og avtaleverk.
• Vi har eigne tillegg for studentar som har fullført eitt eller to år av relevant utdanning.
Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal blir offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
01.03.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6042977Se her for andre jobber fra Gol kommune