Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
17.08.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6313708Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar, helsefagarbeidar og helgestillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Skei omsorgssenter er ein institusjon som består av 3 avdelingar.
Rehabiliteringseining for Sunnfjord kommune, med 7 plassar for rehabilitering, og ein palliativ plass. Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass. Skjerma eining, med 7 plassar for personar med demens.
Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling.
Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar, og vi ønsker å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt.
Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?
Vi har årsturnus, og moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4. helg, for dei som ynskjer dette.
- 2 x 100 % fast stilling for sjukepleiar frå 01.09.2025
- 1 x 100 % fast stilling for vernepleiar /sjukepleiar frå 01.10.2025
- 1 x 100 % vikariat for sjukepleiar i perioden 01.09.2025 - 30.04.2026
- 1 x 100 % fast stilling for helsefagarbeidar frå 01.10.2025
Vi har også ledige helgestillingar på 14 - 30 % frå snarast.
Du kan velje mellom å jobbe 7,5 eller 12,5 timers vakter.
Sjukepleiarstudentar og søkarar med interesse for fagfeltet kan søke, men vert tilsett i mellombels stilling på 6 månader.
Krav til søkar:- norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
- beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stillinga.
Vi søker deg som:- er fleksibel og likar utfordringar
- er engasjert og kan jobbe sjølvstendig - er trygg på eigne avgjerder
- fungerer godt i team og har evne til å delegere
- likar å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- er ny-tenkjande og kreativ
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Vi kan tilby:- ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefagstillingar
- moglegheit for kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande miljø
- moglegheit for alternativ turnus med langvakter
- pasientnært og fagleg fokus
- faglege utfordringar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
17.08.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6313708Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune