Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst på ein jobb som gjev deg utfordringar, spenning og mykje gleder? Då har vi jobben for deg!

Heimetenestene på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Vi er opptekne av god kvalitet i tenestene våre og er stolte av arbeidsplassen vår. Vi ønsker oss ein medarbeidar som er raus, engasjert, entusiastisk og modig, og håpar at du er den rette.

Vi har ledig: 
  • 100 % fast stilling som sjukepleiar

Sande heimeteneste har fått godkjent turnus med langvakter for sjukepleiar med 14,5 timar/dag kvar 6.helg  - oppstart 01.09.2025 (pilotprosjekt i Sunnfjord kommune).

Krav til søkar: 
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • førarkort klasse B
  • du må kunne kommunisere godt norsk både skriftleg og munnleg
  • god IT-kunnskap

Gyldig politiattest av ny dato må leverast før start i stilling. 

Vi søker deg som:
  • har ønske og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov
  • har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
  • evnar både til å jobbe sjølvstendig på oppdrag og i team
  • er trygg på eigne avgjerder
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
  • drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • kompetansetillegg for relevant utdanning
  • 5000 i rekrutterings- og stabiliseringstillegg
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • leiing som er nær

Tilsetting er etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Vi disponerar bilar i tenesta vår. 

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjortunntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.