• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    18.04.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4331014
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 12.04.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar i 60-80 % fast stilling på natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi søkjer etter sjukepleiar til fast stilling på natt, med arbeid kvar 3. helg. Dette er ei 60 - 80 % stilling, og vi ønskjer å høyre med deg kor mykje du vil arbeide. 

Om Radøy Velferdssenter 

Radøy Velferdssenter  har 4 avdelingar, der to av avdelingane er tilrettelagde for demente pasientar og har utgang til ein sansehage. I mars 2019 starta vi opp avdeling Florence, der vi har tre pallative sengeplassar. Vi har både kortidsplassar og langtidsplassar. Radøy Velferdssenter har kring 60 tilsette, og sjukeheimslege i 70% stilling. Maten vert servert frå kommunalt kjøkken - Radøy Matsørvis. Som sjukepleiar vil du vere med i organisering av det daglege arbeidet i di avdeling, og veilede studentar og anna helsepersonell. Du er også ein naturleg del av styringsgruppa ved sjukeheimen. Gruppa set retning for utvikling av sjukeheimen, og er samansett av sjukepleiarene, lege og leiar. Vi kan tilby ein spennande og aktiv arbeidskvardag med særs varierte arbeidsoppgåver. 

Arbeidsoppgåver

  • Omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutiner
  • Tverrfagler samarbeid
  • Samarbeid med pårørande, og på tvers av tjenestane i kommunen
  • Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tjenestar til pasientane
  • Være aktiv pådrivar for at pasientane våre får brukt sine eigne ressursar

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna uanfor Norden treng du godkjend B2 – test

Kven er du?

Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilete og prioritere i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel og jobbar godt i team

Vi tilbyr

  • Spennande og faglig utfordrande arbeidsoppgåver
  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
  • Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede (gjeld kun eksterne søkjarar)

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    18.04.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4331014
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 12.04.2022