• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.12.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5954254
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 28.11.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Velkommen til Leikanger – og bli ein del av vår dyktige team!

Er du ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar som ynskjer å gjere ein forskjell i menneskeliv?

Me søker deg som ynskjer å bli del av vårt team på korttids avdelinga og langtidsavdelingane på Leikanger sjukeheim.

Sogndal kommune er kjent for sin storslåtte natur og Leikanger ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på utallige moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her finnes noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg.

 

Kvifor jobbe i Sogndal kommune?

 

Som sjukepleiar på Leikanger sjukeheim vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor bredde i oppgåvene og i bebuargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper, intravenøs og blodprøvar m.m.

 

Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

 

Leikanger sjukeheim har 4 små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til sjukeheimen, samane med legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon. Sjukeheimen har eige kjøken med gode kokkar som lagar heimelaga mat, og ligg vakkert til på Leikanger med utsyn mot Sognefjorden. Sjukeheimen har fagsutviklingssjukepleiar som jobbar målretta og kontinuerleg med fagutvikling, internundervsining og prosedyrar.

 

Om stillingane:

Leikanger sjukeheim har ledig følgjande stilling:

  • 100% fast stilling i turnus frå snarast.
  • 50% fast stilling i turnus frå snarast.

 

For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar som til dømes langvakter med 4. kvar helg.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver på sjukeheimen, blant anna sårstell, intravenøs, sondeernæring, ulike typar kateter, medikamenthandtering og lindrande behandling.
  • Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL
  • Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på institusjon.
  • Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane.
  • Vurdere behov og planlegge pleie og tiltak i primærteam og i samarbeid med bebuar, pårørande, tilsynslege/fastelege, kollegaer og leiing.
  • Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga
  • Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar.
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
  • Ivareta godt pårørandesamarbeid
  • Legemiddelhandtering og administrering

 

Sentrale ansvarsområde:

  • Pasientflyt
  • Pasientjournalsystem
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Medikamenthandtering
  • Legevisittar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Velferdsteknologi

 

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri.

 

Personlege eigenskapar:

  • Er løysingsorientert og positiv
  • Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som sjukepleiar
  • Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Taklar ein uforutsett arbeidskvardag
  • Er ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

 

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

 

Me tilbyr:

  • Aktivt og spanande arbeidsmiljø, varierande dagar og faglege utfordringar.
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Årsturnus med 3. kvar helg med moglegheit for langvakter og lenger helgeintervall.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.12.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5954254
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 28.11.2024