• Bedrift
    Avisa Hordaland
  • Søknadsfrist
    26.05.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Avis
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Adresse
    5704, VOSS
    VOSS
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1737020
  • Se her for andre jobber fra Avisa Hordaland
  • Oppdatert 10.05.2019

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Avisa Hordaland

Sals- og marknads­ansvarleg

Avis

Hordaland er ei frittståande privateigd lokalavis som vart grunnlagt i 1883. Avisa har kontor på Voss med i alt 28 tilsette og dekkjer kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. Hordaland kjem ut tre dagar pr. veke, og har ei nettavis som dekkjer daglege lokale nyhende.

VaksdalPosten, som dekkjer kommunane Vaksdal og Modalen, har kontorstad på Dale, har fire tilsette og kjem ut ein dag pr. veke i tillegg til nettavisa.

Hordaland Trykk og Distribusjon er eit trykkeri som trykkjer både Hordaland og Vaksdal­Posten. I tillegg har me eksterne oppdrag. Trykkeriet held til i same lokale som Hordaland.

Avisene vert redigerte på nynorsk. Dei tre selskapa er dotterselskap i konsernet L/L Hordaland.For meir informasjon, sjå www.avisa-hordaland.no

Konsernet LL Hordaland er inne i ein endringsprosess der me har tydeleg fokus på å dekkja lesarane sine digitale behov, samstundes som me skal utvikla vår viktige papiravis. Me jobbar også med å verte endå betre samarbeidspartnarar og rådgjevarar for våre kundar i alle kanalar.

Vår noverande marknadsleiar ynskjer å trappa ned og går over i anna stilling, og me søkjer derfor
sals- og marknads­ansvarleg

Til å leia vårt salsarbeid i fleire selskap og fleire kanalar, søkjer me ein samlande og kommersiell leiar. Ansvaret inneber leiing av eigne medarbeidarar, og å skapa ein sals- og produktstrategi som gjev effekt for og som marknadsfører annonsørane våre på best mogleg vis.

Me tilbyr ei sentral leiarrolle med særs gode høve for å utvikla eige nettverk innan næringslivet på Voss og i omlandet.

Arbeidsoppgåver:
• Leia, utvikla og motivera eigne medarbeidarar
• Byggja ein prestasjonskultur kring alt sal i våre verksemder
• Ansvar for sals- og produkstrategi i tillegg til budsjett for avdelinga
• Delta i kundemøte, vidareutvikla kunderelasjonar og gjennomføra avtaleforhandlingar
• Styrkja posisjonen hjå lokale annonsørar og auka talet på kundar.

Kvalifikasjonar:
• Høgare utdanning, gjerne innan marknadsføring, økonomi, leiing eller liknande
• Leiarerfaring frå kommersiell verksemd med salsfokus, og kan visa til gode oppnådde resultat
• Gjerne bakgrunn frå rådgjevande B2B sal
• Innsikt og interesse for digital marknadsføring/sosiale media
• Erfaring med endringsleiing

Eigenskapar:
• Samlande og engasjerande med evne til å inspirera kundar og tilsette
• Sjølvstendig og strukturert
• God på å byggja nettverk
• Positiv og løysingsorientert, også i krevjande periodar med arbeidspress
• Mål- og forretningsfokusert i ein endringsorientert bransje

Me tilbyr
• Totalt salsansvar for Hordaland, Vaksdal Posten og Hordaland Trykk og Distribusjon
• Ei synleg leiarrolle med gode moglegheiter for å utvikla eige nettverk innan næringslivet på Voss og i omlandet.
• Eit stort og sjølvstendig ansvar for drift og utvikling av eit spennande område
• Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Ta gjerne kontakt med konsernleiar Terje Olsen på epost terje.olsen@avisa-hordaland.no eller på 976 14 188 for meir informasjon om stillinga.

Søknadsfrist 26. mai. Send søknad til terje.olsen@avisa-hordaland.no

 

  • Bedrift
    Avisa Hordaland
  • Søknadsfrist
    26.05.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Avis
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Adresse
    5704, VOSS
    VOSS
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1737020
  • Se her for andre jobber fra Avisa Hordaland
  • Oppdatert 10.05.2019