Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Saksbehandlar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du leia og videreutvikla ein av våre viktigaste tenester for innbyggjarane i Kvam?

Me søkjer ein strategisk og engasjert leiar for legetenesta i kommunen og dei kommunale legekontora.

Du vil få ei sentral rolle i å sikra høg kvalitet, god ressursutnytting og heilskaplege legetenester til innbyggjarane våre. Som leiar for legetenesta vil du ha ansvar for å tilretteleggja for eit godt samarbeid mellom fastlegar, øvrig helseteneste og relevante aktørar, samtidig som du bidreg til å styrka tenesta si faglege utvikling. Dette er ein unik moglegheit til å kombinera fagleg dyktigheit med leiing i eit samfunnsnyttig arbeid.

I Kvam er det tilsett medisinsk fagleg rådgjevar, 12 fastlegar og 2 sjukeheimslegar. Kommunen driv kommunale utekontor i Ålvik og Strandebarm, medan Helsebanken legekontor i Øystese er drive av sjølvstendig næringsdrivande legar. Fastlegar i Øystese og Norheimsund rullerer på å ha kontordagar ved utekontora. Kvam herad overtok drifta av Norheimsund legesenter hausten 2024. I tillegg til fastlegar er det 5 helsesekretærar på dei tre kommunale legekontora.

Arbeidsoppgåver

Utvikling av tenesta:

  • Utarbeida og implementera strategier for å sikra høg kvalitet og tilgjenge i legetenesta
  • Følgja opp nasjonale og lokale retningslinjer, og politiske vedtak

Ressursforvalting og drift:

  • Ansvar for økonomi og budsjett innan legetenesta og legekontora
  • Sørga for effektiv ressursbruk, inkludert bemanningsplanlegging og kompetanseutvikling
  • Bemanningsplanlegging på legekontor og legevakt, inkludert ferieavvikling
  • Budsjett og økonomistyring på legekontor og i legetenesta
  • Administrative oppgåver innan fastlegetenesta

  • Oppfølging av ALIS-legar, leggje til rette for at ALIS får gjennomført spesialisering
  • Personalansvar for tilsette i legetenesta

Samhandling:

Leiar for legetenesta skal vera ein aktiv bidragsytar for å utvikla samarbeidet mellom fastlegar, øvrige kommunale helsetenester og spesialisthelsetenesta

Kvalitetssikring:

  • Stillinga har det overordna ansvaret for kvalitetsarbeid i tenesta. Fagleg rådgjevar (kommunelege) skal følgja opp kvaliteten i pasientbehandlinga, pasientsikkerheit og sikra etterleving av faglege standardar. Leiar for legetenesta og fagleg rådgjevar må ha eit tett og godt samarbeid når det gjeld kvalitetsarbeid.
  • Følgja opp krav og tilsyn fra relevante myndigheiter, samt rapportering

Personalleiing:

  • Rekruttera og følgja opp fastlegar og anna personale i legetenesta
  • Leggja til rette for ulike utdanningsløp for legar: LIS og ALIS-løp
  • Sikra gode rutinar for arbeidstid, sykefråværsoppfølging og trivsel

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som har:

  • Helsefagleg utdanning frå høgskule/universitet
  • Leiarerfaring frå helsesektoren, gjerne frå stilling i kommunal sektor
  • Solid arbeidserfaring frå relevant fagområde
  • Kjennskap til legetenesta er ei føremon
  • Relevant leiarutdanning eller er villig til å ta leiarutdanning

Personlege eigenskapar

  • Som leiar for legetenesta ønskjer me deg som er:
  • målretta, strukturert og ein pådrivar i vidareutvikling
  • nytenkjande, tillitsskapande og har gode samarbeidsevner
  • tydeleg når du formidlar forventningar og når du gir tilbakemeldingar
  • tilrettelegg for læring og utvikling hos medarbeidarane dine
  • i stand til å skapa oppslutnad om endringar gjennom godt prosessarbeid
  • samlande og opptatt av å skapa gode arbeidsmiljø

Du har ein inkluderande leiarstil, er målretta og beslutningsdyktig. Du ser det som ein styrke å be om støtte, råd og innspel frå både kollegaer, støtteapparat, tillitsvalde og medarbeidarar

Me tilbyr

  • Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
  • Høve til å påverka og vera med på å utforma fremtidas helse- og omsorgstenester
  • Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode leiarkollegaer som har fokus på leiing og tverrfagleg samarbeid
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.