• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    15.11.2025
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6432215
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
Ledig stilling

Hå kommune

Ringevikar lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Nærbø ungdomsskule er ein skule med ca 330 elevar og 50 tilsette. Her er det hyggelege elevar og eit veldig godt arbeidsmiljø. Skulen har ambisjonar om å utvikle elevane sin dugleik på alle plan og skape gode og trygge ramar for læring. Skulen ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass.

Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning
- God IKT-kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner
- Du må være løysingsorientert og god til å samarbeide

Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan kompensera for manglande fagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver
- Planlegge og leie elevane si læring saman med andre faglærarar på trinnet
- Arbeide for eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Følge opp elevane si læring og progresjon

Personlege eigenskapar
Me ønsker at du er god på relasjonar og er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar. Du kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du evnar å samarbeide med kollegaer og føresette. Du må vera løysningsorientert, engasjert, positiv og ha godt humør.

Me tilbyr
- Eit godt og sterkt fagmiljø med mykje godt humør
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Konkurransedyktig lønn
- Fordelane som ei IA bedrift gir

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    15.11.2025
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6432215
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune