Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
21.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5654795Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 10.04.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Askvoll kommune
Rettleiar NAV Askvoll - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
NAV skal gje menneske mogelegheiter ved å få fleire i arbeid eller aktivitet. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement, og som ynsker å gjere ein forskjell for andre. Du vil få meiningsfulle oppgåver og jobbe saman med kollegaer med god fagleg kompetanse. Bruk av heimekontor einskilde dagar er ei moglegheit som kan vurderast dersom dette er ynskeleg og tenleg.
NAV Askvoll er eit partnarskap mellom Askvoll kommune og staten ved NAV Vestland. Vi er eit av seks kontor i NAV region Sunnfjord.
Arbeidsoppgåver for stillinga:
- Rettleiing og sakshandsaming etter Lov om sosiale tenester, NAV-lova og Folketrygdlova
- Motivere og legge til rette for at brukarane skal kome i aktivitet, arbeid og utdanning
- Samarbeid med offentlege og private instansar for å sikre god oppfølging av den einskilde
- Ajourhald av opplysningar i fagsystema våre
- Delta i publikumsmottak
Det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar:
- Sosialfagleg utdanning eller anna relevant utdanning på minimum bachelornivå
- God digital kompetanse og evne til å rettleie brukarar i sjølvbeteningsløysingar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ynskeleg at du:
- Har erfaring frå, og interesse for, arbeid med unge/unge vaksne
- Har erfaring frå NAV eller andre verksemder der kunnskap om menneske og samarbeid står sentralt
- Kan skape gode møter med brukarar som er i ein vanskeleg livssituasjon
- Kan arbeide målretta, systematisk og effektivt både i team og sjølvstendig, med fokus på arbeid og aktivitet
- Evne til å setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg kompetanse på eiga hand
- Trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
- Bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik
Vi tilbyr:
- Løn og arbeidsvilkår etter lov og avtaleverk
- Gode pensjonsvilkår i KLP
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
21.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5654795Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 10.04.2024