• Bedrift
    Voss kommune
  • Søknadsfrist
    20.09.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5700, VOSS
    VOSS
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Voss
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2013596
  • Se her for andre jobber fra Voss kommune
  • Oppdatert 22.08.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Voss kommune

REKTOR BJØRGUM SKULE

Offentlig forvaltning

Bjørgum skule er ein fulldelt 1-7 barneskule. Skulen ligg i eit naturfint område om lag 10 km utanfor Voss. Skulen har 144 elevar fordelt på 8 klassar og 23 tilsette. Skulen har høgt kvalifiserte medarbeidarar som set elevane si læring i sentrum.

"Vossaskulen" byggjer på kvalitetsbevisste vaksne som er opptekne av å skape gode, inkluderande og trygge skulemiljø, og ein skule der alle trekkjer i same retning. Som rektor må du kunne sjå samanhengar, sjå moglegheiter på tvers av fag og
vere ein pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid.

DINE ANSVARSOMRÅDER:
- Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar som motiverer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
- Fremje arbeidsglede, sjå den enkelte medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Vere serviceinnstilt og oppteken av å skape gode tenester for brukarane
- Bidra aktivt til at skuleeigar når sine mål og intensjonar
- Pedagogisk leiing, økonomi, administrasjon og personalansvar ved skulen. Rektor rapporterer
til skuleleiar

DINE ARBEIDSOPPGÅVER:
- Rektor har ansvar for Pedagogisk leiing som byggjer på meistringsorientert leiing og som bidreg til å utvikle profesjonelle
læringsfellesskap
- Leie arbeidet med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule - og læringsmiljø
- Økonomi og personalansvar
- Leie og motivere dyktige tilsette og leggje til rette for fagleg utvikling
- Forvalte skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
- Fylgje opp kommunale og statlege føringar for grunnskuleopplæringa

DINE KVALIFIKASJONAR:
- Du har relevant høgare utdanning og solid lærar / leiarerfaring
- Du har eit moderne syn på læring og framtidsretta pedagogikk, har god innsikt i forsking på skuleleiing og evnar å
nytte denne kunnskapen i eigen praksis
- Du har gode digitale ferdigheiter
- Du er i stand til å bygge gode kollektive lag
- Rektorutdanning / leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt

DINE PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
- Du er ein synleg leiar som kan stå fram og vise retning
- Du kommuniserer godt, skapar tillit og er i stand til å bygge gode kollektive lag
- Du er i stand til å bygge gode relasjonar med elevane og dei tilsette
- Du er i stand til å ivareta tilsette, elevar og føresette godt og hensiktsmessig
- Du arbeider sjølvstendig, viser initiativ og har god arbeidskapasitet
- Du er modig, har god gjennomføringsevne og interesse for endringsarbeid
- Du har godt humør, er fleksibel og trivst med varierte oppgåver og tidvist høgt arbeidspress

ME TILBYR:
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg samarbeid, internt og mellom grunnskulane i kommunen
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Nysgjerrig?

Vi tar gjerne ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevarar i Human, Edvard Thormodsæter på mob. 95 88 22 99, eller Ørjan Hummelsund på mob.91 31 19 91. Du kan og kontakte Kristin H.Takvam Rekve, Leiar grunnskule, mob. 99 20 71 98 eller Frode Monsen, Kommunalsjef Oppvekst, mob. 41 12 24 32, om ønskjeleg.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.

 

  • Bedrift
    Voss kommune
  • Søknadsfrist
    20.09.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5700, VOSS
    VOSS
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Voss
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2013596
  • Se her for andre jobber fra Voss kommune
  • Oppdatert 22.08.2019