Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
02.06.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6900, FLORØ
KINN
Antall stillinger
1karriere-kode
5739595Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
- Oppdatert 14.05.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjord1 ASA
Prosjektingeniør Elektro/Automasjon
Ferger
ATTRAKTIV OG UTFORDRANDE MOGLEGHEIT I NORGES GRØNNASTE TEKNISKE TEAM!
I samband med aukande oppdragsmengder, har vi behov for å styrke staben innan fagfelt Elektro/Automasjon i avdelinga Teknisk driftsstøtte.
Teknisk driftsstøtte består av 8 positive kollegaer innan fagfelta elektro og automasjon, el-kraft, skipsteknikk, og vedlikehald. Våre medarbeidarundersøkingar syner at vi har høg trivsel på avdelinga, både når det gjeld det sosiale, og på samhandling og støtte i kvardagen.
Teknisk driftsstøtte er organisert under divisjonen Teknologi og Prosjekt (T&P) i lag med Teknologi og utvikling, Nybygg og Anbod. Totalt tel Teknologi og prosjekt i underkant av 20 dyktige, dedikerte kollegaer innan ulike tekniske fagfelt.
Teknisk driftsstøtte er Teknisk Prosesseigar og set føringar og rammer for teknisk drift. Avdelinga er også ansvarleg for det tekniske fagnettverket i den største og mest avanserte elektrifiserte ferjeflåten i verda.
Vi ser etter deg som har høgare utdanning innan relevant fagfelt, samt god forståing for elektro & automasjon. Du er sjølvstendig og trivst med stor grad av breidde og variasjon i fag- og arbeidsområde. Du er ein person som handtera å ha "mange ballar i lufta", og tilpassar deg endringar i prioriteringsområde etter behov. Du evner å ta ansvar og føringa når situasjonen tilseier det, og kan på ein god måte instruere andre aktørar dersom nødvendig.
Ein må pårekna noko reiseverksemd i stillinga.
Om du har lang erfaring eller er nyutdanna vil vi gjerne få ein søknad frå deg!
Kvalifikasjoner:
- Høgare utdanning innan relevant fagfelt som til dømes Elektro/Automasjon/El-kraft
- Gode kommunikasjonseigenskapar munnleg og skriftleg
- Du har gode norsk og engelsk kunnskapar
- Du har gode IT kunnskapar
Personlige egenskaper:
- Du har god forståing for samanhengane og "det store bildet"
- Du er analytisk og evnar å halde "fleire ballar" i lufta samtidig.
- Du er ein sjølvstendig lagspelar som evner å sjå kva som må gjerast
- Du er løysingsorientert og fleksibel
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling
- Godt arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Fleksible arbeidsordningar
- Gode moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
- Gode velferdsordningar
- Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
02.06.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6900, FLORØ
KINN
Antall stillinger
1karriere-kode
5739595Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
- Oppdatert 14.05.2024