Bedrift
Førde KommuneSøknadsfrist
24.11.2019Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2253093Se her for andre jobber fra Førde Kommune
- Oppdatert 08.11.2019
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Førde Kommune
PP-rådgivarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Frå 1. januar 2020 vert PP-tenesta ei eining i nye Sunnfjord kommune og vil få oppgåver for born og unge i alderen 0 - 16 år. PPT skal yte tenester til barnehagar og grunnskular i ein kommune med ca. 23 000 innbyggarar. Pedagogisk-psykologisk teneste er heimla i barnehagelova §19c, og i opplæringslova § 5-6.
Det er laga grunnlagsdokument for PPT, barnehagane og skulane sitt arbeid framover. Korleis PP-tenesta skal bemannast, arbeide og organiserast vert planlagt vidare når Sunnfjord kommune er etablert. Det er gode høve for å vere med å utforme tenestetilbodet i ei verksemd med mangesidige og spennande oppgåver.
Kontoret har for tida 15 årsverk, bemanna med psykologar, spesialpedagogar, sosionom, PMTO-terapeut, Pals-rettleiar, kontorpersonale og einingsleiar. Vi er organisert i førskule-, grunnskule-, og ungdomsteam, og legg vekt på å ha eit positivt og støttande arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av eldre og yngre tilsette med spesialiserte utdanningar. Mange har lang og brei erfaring, og har vore i eininga i mange år.
Eininga held for tida til i Førde rådhus.
Vi har følgande stillingar ledig:- pp-rådgivar i 100 % fast stilling
- pp-rådgivar i 100 % mellombels stilling. Kan bli fast stilling.
- systemretta og individretta arbeid i samsvar med mål for tenesta
- sakkunnig arbeid etter barnehage- og opplæringslova
- konsultasjon, rettleiing og rådgiving til barnehagar og skular
- observasjon, kartlegging og utgreiing av born og unge
- samarbeid med føresette, barnehagar, skular og hjelpeapparat
- utvikling- og endringsarbeid i barnehagar og skular
- master eller hovedfag i spesialpedagogikk, eller relevant utdanning innanfor sentrale fagområder i tenesta
- praksis frå arbeid med barn og unge i barnehage, skule, PP-teneste eller tilsvarande instansar
- relevant test-, utgreiings- og rådgivingskompetanse
- at du dekker sentrale oppgåver for PP-tenesta
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet
- evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
- at ein må kunne arbeide i team, og samtidig vere sjølvstendig og målretta
- at ein har god norsk språkføring, både munnleg og skriftleg
Politiattest må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar!
Bedrift
Førde KommuneSøknadsfrist
24.11.2019Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2253093Se her for andre jobber fra Førde Kommune
- Oppdatert 08.11.2019