Företag
Tersan HavyardAnsökningstiden
Så snart som möjligtArbetsfunktion
ProduksjonHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Skipsbyggerier og -verftUtbildningskrav
Fag- / Svennebrev Teknisk FagskuleArbetserfsrenhet
2-5 årÖnskat språk
Norsk, EngelskAdress
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAndra arbetsplatser
HyllestadArbeta hemifrån?
JaAntal befattningar
1Karriere-kod
6125502Se här för andra jobb från Tersan Havyard
- Uppdaterad 17.10.2025
Tersan Havyard
Vil du vere med å sikre framdrift og kontroll i bygginga av framtidas skip?
PlanleggarSkipsbyggerier og -verft
Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av maritime fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, eit sterkt fagmiljø og over 100 års erfaring med skipsbygging.
Vi opplever auka aktivitet og ei stadig veksande ordrebok, og søkjer no ein dyktig Planleggar til vårt planleggingsteam i Leirvik.
Arbeidsoppgåver
Som planleggar hos Tersan Havyard vil du vere ein nøkkelperson i prosjektgjennomføringa. Du bidrar til å skape oversikt, struktur og framdrift på tvers av fag og avdelingar.
- Etablere, vedlikehalde og følgje opp prosjektplanar og timebudsjett for dei ulike produksjonsdisiplinane.
- Utføre trendanalysar og aktivt evaluere framdrift i produksjonen.
- Rapportere framdrift og timeforbruk i samsvar med byggestatus.
- Bidra til kontinuerleg forbetring av malar, metodar, prosedyrar og verktøy innan planlegging.
- Samarbeide tett med prosjektleiarar, avdelingsleiarar og produksjon for å sikre rett styringsinformasjon.
- Aktivt bidra til samarbeid og sterke relasjonar på tvers av organisasjonen
Kvalifikasjoner
- Erfaring som planleggar eller prosjektplanleggar – gjerne frå maritim, fornybar, olje/gass eller bygg/anlegg.
- Høgare teknisk utdanning er ønskjeleg (relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning).
- Erfaring med OPC eller andre planleggingsverktøy
- God forståing for prosjektstyring, framdriftsanalyse og ressursplanlegging.
- Meget gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Proaktiv, strukturert og sjølvgåande.
- Analytisk og nøyaktig, med evne til å sjå heilskapen i prosjektet.
- Gode samarbeidsevner og evne til å påverke og støtte andre fagområde.
- Positiv, løysingsorientert og engasjert i kontinuerleg forbetring
Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i eit sterkt og tverrfagleg planleggingsteam.
- Varierte prosjekt i eit internasjonalt skipsverftsmiljø.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad av arbeidsmetodikk.
- Konkurransedyktige vilkår og eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
Stillingen er underlagt VP Production
For meir informasjon kontakt Planleggingssjef Robert Borlaug; 906 27 732
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!
Les meir om Tersan Havyard her
Nyskjerring på korleis det er å bu og arbeide i Hyllestad, les meir her
Företag
Tersan HavyardAnsökningstiden
Så snart som möjligtArbetsfunktion
ProduksjonHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Skipsbyggerier og -verftUtbildningskrav
Fag- / Svennebrev Teknisk FagskuleArbetserfsrenhet
2-5 årÖnskat språk
Norsk, EngelskAdress
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAndra arbetsplatser
HyllestadArbeta hemifrån?
JaAntal befattningar
1Karriere-kod
6125502Se här för andra jobb från Tersan Havyard
- Uppdaterad 17.10.2025
-
Senior Prosjektleiar/ Prosjektleiar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Platearbeidarar og Sveisarar– Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Elektromontør og automatikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Prosjektingeniør Elektro – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Avdelingsleiar Elektro
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN