Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!
Sunnfjord kommune driv 18 kommunale barnehagar og vi vil tilby eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Vårt mål er trygge barn som trivast. Skei barnehage samarbeider med høgskulen på Vestlandet om prosjekt med tema: Eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning.

Vi har ledig:
  • 100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 11.08.2025 – 14.08.2026
  • 20 % fast pedagogisk leiar frå 01.08.2025
Vi kan tilby deg:
  • god oppfølging av nytilsette
  • deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
  • systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
  • tillegg som pedagogisk leiar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
Kvalifikasjonar:
  • du er utdanna som barnehagelærar
  • du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
  • du har gode evner til å leie barn og vaksne
  • du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
  • du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
  • beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg

Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen, håper vi du vil søke på stilling i Skei barnehage.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

For meir informasjon kan du ta kontakt med einingsleiar: Mona Skaiå Årdalsbakke på tlf. 917 37 762

Du søker elektronisk.