• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    03.11.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2195064
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 18.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Ønskjer du å jobbe med barn og har bakgrunn innan friluftsliv?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I Flekke barnehage og skule vil vi framover ha eit større fokus på å nytte dei utallege moglegheitene som ligg i den vakre naturen som vi har rundt oss. Det treng vi hjelp til, og vi er no på jakt etter ein medarbeidar som vil trivast med å jobbe saman med små og store barn, som og har formell utdanning innan friluftsliv. I starten vil stillinga vere knytt til arbeid i barnehagen, men på sikt kan det vere mogleg å nytte kompetansen og på dei lågare trinna i barneskulen. 

Kan dette vere noko for deg? Då håper vi at du tek kontakt for å høyre meir om stillinga og oppgåvene som ligg til denne, eller endå betre - at du sender oss ein søknad. Vi gler oss nemleg til å høyre frå deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for friluftsopplegg med barnegrupper/avdelingar
  • Vere med i plan- og utviklingsarbeidet for bruken av det lokale uteområdet i og rundt barnehagen
  • Delta i ulike oppgåver i avdeling

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskulenivå innan friluftsliv eller tilsvarande
  • Gode norskkunnskapar
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi tilbyr

  • Givande leik med flotte barn kvar dag
  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Internasjonal barnegruppe
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    03.11.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2195064
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 18.10.2019