• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    25.12.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5983677
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Miljøterapeutisk team

Offentlig forvaltning

Ål kommune opprettar eit miljøterapeutisk team som prøveprosjekt i 2025. Dette teamet skal bestå av 4 medarbeidarar i inntil 100% stilling. Teamet skal arbeide behovsstyrt og systematisk ved alle skular og barnehagar i kommunen, og vil organisatorisk bli plassert under kommunalsjef oppvekst. Ein av medarbeidarane vil få fagansvar for teamet i delar av stillinga. Teamet skal arbeide saman med ekstern bistand vårhalvåret -25, og erstatte ekstern bistand frå hausten -25.

Målgruppa for dette tiltaket er born og unge som strevar med åtferdsvanskar, traumeproblematikk, sosiale og emosjonelle vanskar og andre sterke kjensleuttrykk som gjer det vanskeleg for born og vaksne i barnehage og skule.

Teamet skal jobbe direkte med barn og unge ved skular og barnehagar i Ål kommune. Teamet skal jobbe tett saman med medarbeidarar ved den einskilde skule/barnehage, spesielt miljørettleiarane som allereie er tilsette i avdelinga.  Teamet skal dessutan samarbeide med aktuelle samarbeidspartar frå t.d. Familiens hus, barneverntenesta, KE og BUP. Teamet skal dessutan kunne tilby miljøterapeutisk bistand gjennom tilrettelegging, veiledning, kompetanseheving og støtte i barnhage, skule og heim.  Fokus kan vera oppfølging av einskildborn, trivsel og trygge klassemiljø for alle, gruppetilbod og tverrfagleg samarbeid.  Kompetanse og erfaringar må overførast til dei vaksne som jobbar rundt borna/ungdommane  i kvar avdeling.

Det skal jobbast med å stabilisere utfordrande situasjonar for born og vaksne, dessutan laga trygge og gode system for at teamet etterkvart kan trekke seg ut. Teamet skal samarbeide tett med dei som er tettast på born og unge ute i oppvekstsektoren, slik at medarbeidarane i skule og barnehage blir trygga og rusta til å halde tak i arbeidet før, under og etter ein krevjande periode.

Kvalifikasjonar

  • utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, relevant for arbeid med barn og unge
  • kompetanse/erfaring knytt til arbeid  med sårbare barn, unge og familiar

Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som:

  • har motivasjon og interesse for sårbare barn og unge
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er påliteleg og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • meiningsfullt og gjevande arbeid
  • engasjerte kollegaer
  • utviklande fagmiljø
  • godt arbeidsmiljø
  • pensjonsordning KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale

Politiattest og søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    25.12.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5983677
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune