Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
13.10.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5888908Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 20.09.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Miljøterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli vår nye kollega?
Me søkjer etter ny miljøterapeut i 100 % fast stilling frå snarast. Stillinga inneber dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg.
- Gruppa gjev tjeneste til personar i 5 ulike bufellesskap: Utsikten, Stoppelsgjerd, Bergtun, Gropa og Gropaflaten
- Me har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar.
- Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar.
- Mykje av arbeidet vårt foregår i team.
Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg
- I tillegg til pleie er ein del av arbeidet administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, journalskriving, kartlegging og arbeid med indivduell plan
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Legemiddelhandtering, dosering og ansvar for medisinrom, injeksjoner, NEWS målingar mm
- Rettleiing og opplæring av kollegaer
- Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak
- Primærkontaktansvar
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss ein medarbeidar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement for miljøarbeid
- Autorisert vernepleiar/sjukepleiar
- Det er ynskjeleg at du har arbeidserfaring med autisme, psykisk utviklingshemming og åtferdsvanskar
- Førarkort klasse B
- Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- God kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode kommunikasjonsevner
- Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
- Me ynskjer oss deg som:
- har solid fagleg forankring og god gjennomføringsevne
- har evne til både sjølvstendig arbeid og i team
- er lojal mot avgjerder som er tekne i arbeidsgruppa
- er fleksibel
Vi tilbyr
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
- Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
- Leiarar som ser heilskap
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med 25 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
13.10.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5888908Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 20.09.2024