Bedrift
Garuda Oslo ASSøknadsfrist
31.01.2022Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Rekruttering og bemanningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5700, VOSS
VOSS
Antall stillinger
1karriere-kode
4164068Se her for andre jobber fra Garuda Oslo AS
- Oppdatert 30.11.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Garuda Oslo AS
Leiar for bygg- og eigedomsavdelinga
Rekruttering og bemanning
Er du interessert i å jobbe der det skjer? Trivst du med mange ballar i lufta? Likar du å jobba saman med dyktige fagfolk? Har du ingeniørfagleg eller annan relevant høgare utdanning? Då har Voss herad jobben for deg!
Bygg- og eigedomsavdelinga har arbeid innanfor drift og vedlikehald av alle kommunale bygg, bustader, samt idrettsanlegg, parkar og friområde. I tillegg ansvar for alle investeringsoppgåver i nyanlegg og renovering av kommunale bygg.
Avdelinga har i overkant av 100 tilsette, og det årleg driftsbudsjett er på om lag 100 mill. kroner. Opprusting og nyanlegg får årlege løyvingar via investeringsbudsjettet.
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkja. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Arbeidsplassen er universelt utforma, og Voss herad oppmodar personar med nedsett funksjonsevne til å søkja. Søkjarar må kunna snakka norsk og skriva nynorsk.
Ta gjerne kontakt med Garuda, vår samarbeidspartner på rekruttering, for meir informasjon om stillinga.
Kvalifikasjoner:
- Høgare utdanning, gjerne innan teknisk fag (høgskule- eller fagskuleingeniør, eventuelt meisterbrev)
- Leiarerfaring frå relevant stilling/bransje
- Kjennskap til kommunal forvaltning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlige egenskaper:
- Gode evner og haldningar knytt til leiing, samarbeid og deling av kunnskap
- Resultatorientert, initiativrik og nytenkjande
- Gode kommunikasjonsevner og menneskeorientert
- Serviceinnstilt og engasjert med god stå på-vilje
Vi tilbyr:
- Ein spennande, utfordrande leiarstilling for ei stor avdeling med dyktige fagfolk
- Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
- Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Bedrift
Garuda Oslo ASSøknadsfrist
31.01.2022Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Rekruttering og bemanningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5700, VOSS
VOSS
Antall stillinger
1karriere-kode
4164068Se her for andre jobber fra Garuda Oslo AS
- Oppdatert 30.11.2021