Ledig stilling

Vestnes kommune

Lærar/assistent

Offentlig forvaltning

Tilkallingsvikarar - Helland ungdomsskule

Stillingstype Vi har behov for tilkallingsvikarar skuleåret 2025-2026. Søkjarar vil bli fortløpande vurdert og kontakta. Tilkallingsvikarar må i søknaden informere om dei ønskjer å vikariere i undervisning og/eller som assistent og kva dagar og tidspunkt ein kan vere tilkallingsvikar.

- undervisningspersonale/lærarar

- barne- og ungdomsarbeidar/assistent

Arbeidsstad Undervisning eller assistentoppgåver på ungdomsskulen.

Arbeidsoppgåver Formelle krav til undervisningsstilling jf. forskrift til opplæringslova.

Kvalifikasjonar - kan jobbe sjølvstendig og strukturert - er opptatt av barn og unge si læring og utvikling - kan rettleie elevane til godt læringsutbytte - ha fokus på klasseleiing - opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen - er løysingsfokusert og utviklingsorientert - er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

Personlege eigenskapar - fagleg engasjert - er stabil og fleksibel - har evne til å arbeide både både sjølvstendig og i team - det vert vektlagt at ein er personleg eigna - har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø - beherske norsk munnleg og skriftleg og ha god kommunikasjonsevne, ønskeleg på nivå B2 - er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

Vi tilbyr - godt arbeidsmiljø og gode kollegaer - løn i høve gjeldande avtale - kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid - pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar Oppgi referansar

Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.