• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2403039
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 11.01.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Kunne du tenke deg å jobbe som miljøterapeut i skulen?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ønskjer oss ein miljøterapeut som brenn for faget sitt og som trivast best saman med barn og unge i deira skulekvardag.

Den nye kollegaen vår har kompetanse innan spesialpedagogikk, barnevernspedagogikk, vernepleie eller andre relevante fagfelt. Han eller ho vil bli tilsett i 100% fast stilling. Stillinga følgjer ikkje skuleåret, og arbeid i skulen sine feriar vil hovudsakleg vere i skulefritidsordninga. 

Arbeidsoppgåvene vil ha hovudfokus kring sosiale vanskar, utfordringar med åtferd, fagvanskar eller andre relevante problemstillingar. Stillinga krev utstrekt samarbeid med kontaktlærar, føresette, eksterne instansar og elevane sjølve. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i denne stillinga.

Er dette noko for deg? Då håper vi du tek kontakt med oss, eller endå betre, sender oss ein søknad. Vi ser frem til å høyre frå deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Spesial- og sosialpedagogiske tiltak på skulen og i skulefritidsordninga, både med enkeltelevar og grupper

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter personar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar/miljøterapeut. Dette kan vere spesialpedagogar, barnevernspedagogar, vernepleiarar med meir
  • Erfaring frå relevant arbeid med barn og unge
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Kunne vere ein trygg og tydeleg vaksen
  • God på å skape relasjonar
  • Gode samarbeidevner, vere initiativrik og fleksibel
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samstundes ha eit godt humør

Vi tilbyr

  • Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2403039
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 11.01.2020