• Bedrift
    Statkraft AS
  • Søknadsfrist
    20.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Kraftproduksjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3880, DALEN
    TOKKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3055259
  • Se her for andre jobber fra Statkraft AS
  • Oppdatert 03.08.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Statkraft AS

Kraftverkssjef Sogn

Kraftproduksjon

Statkraft er eit leiande internasjonalt selskap innan vannkraft og Europas største leverandør av fornybar energi. Konsernet produserer vannkraft, vindkraft, solkraft og gasskraft og leverer fjernvarme. Statkraft er ein global marknadsaktør innan energihandel og har 3500 ansatte i 17 land. 

Region Midt-Norge er ein del av forretningsområde Produksjon i Statkraft, med ansvar for vann- og vindkraftanlegg i Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Vestlandet. Anlegga i regionen blir drifta av fem kraftverksgrupper, i samarbeid med produksjonsavdelingen og teknisk og administrativ stab. Kraftverksgruppe Sogn driftar og vedlikeheld 8 vannkraftverk i Jostedal, Vik og Høyanger, med ein årleg produksjon på 3,4 TWh 

 

Kraftverksjefen har det daglege ansvaret for å gjennomføre vedlikehald, oppretthalde tilgjengeligheit og produksjon i Statkraft sine vannkraftanlegg som ligg i Sogn. 

  

Dette inneber

  • Inspirere til ein positiv HMS-kultur ved å vere ein proaktiv rollemodell, samt sikre openheit og god risikoforståing  

  • Levere sikker drift og tilgjengelegheit gjennom optimert vedlikehald. Dette inneber god planlegging, gjennomføring og analyse av preventivt vedlikehald, samt feilretting og rotårsaksanalysar ved korrektive hendingar  

  • Etterleve interne og eksterne krav knytta til drift og vedlikehald av kraftanlegga 

  • Følgje opp miljøforhold i vassdrag og reguleringsområde 

  • Utvikle og tilpasse organisasjonen, gjennom å fremje samarbeid og å utvikle både teamet og deg sjølv 

  • Inngå i beredskapsgruppe og handtere beredskapssituasjonar i tråd med gjeldande planverk  

  • Opptre som Statkraft sin lokale representant i vertskommunane og lokal media 

  • Delta i regional leiargruppe og bidra til vidareutvikling av heile regionen 

 

 

Din profil: 

  • Relevant utdanning på bachelor eller masternivå 

  • Leiarerfaring, helst frå energibransjen eller annen relevant industri 

  • Høg integritet og etiske verdiar, samt god HSSE forståing og engasjement 

  • Forretningsorientert og interessert i kraftverksdrift 

  • Resultatorientert med evne til å drive kontinuerleg forbetring og å setje tydelege mål 

  • Interesse og evne til å ta i bruk ny teknologi og digitale verktøy  

  • God relasjonskompetanse med evne til nettverksbygging og samarbeid 

  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, muntleg og skriftleg 

  • Inspirere til samarbeid gjennom involvering og godt humør  

  • Førerkort klasse B 

 

Statkraft tilbyr:  

  • Fagleg og personleg utvikling 

  • Eit godt arbeidsmiljø prega av kompetanse og nyskaping 

  • Mangfald med tanke på kjønn, alder og kulturell bakgrunn 

  • Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar 

  • Arbeidsstad Gaupne, Vik eller Høyanger 

 

Tidsavgrensa oppdrag og reiseverksemd på anlegg og lokasjonar i og utanfor regionen må påreknast. 

 

Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og tenester i fleire land. Søkjar må difor vere eigna for sikkerhetsklarering og autorisasjon. 

 

Kontaktperson: Regiondirektør Ingeborg Dårflot, mobil 41 64 09 90 

Søknadsfsrist 20.08.2020.  

 

  • Bedrift
    Statkraft AS
  • Søknadsfrist
    20.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Kraftproduksjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3880, DALEN
    TOKKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3055259
  • Se her for andre jobber fra Statkraft AS
  • Oppdatert 03.08.2020