• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    03.11.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2195062
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 18.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Kompetanse innan barnevern eller sosialt arbeid? Då håper vi du les vidare.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å bidra til og gjere kvardagen for familiar betre? Vi treng fleire medarbeidarar med bakgrunn innan barnevern eller sosialt arbeid til dette viktige arbeidet.

I barneverntenesta har vi no ledig eit vikariat i 100% stilling som barnevernkonsulent frå snarast og om lag eitt år fram i tid, då ein av våre tilsette skal ha foreldrepermisjon.

Du må gjerne ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga eller vil ha utfyllande informasjon om arbeidsoppgåvene våre. Vi ser fram til å høyre frå deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter barnevernlova
  • Systematisk arbeid med meldingar, undersøkingar og tiltak
  • Fosterheimsoppfølging
  • Samarbeid med andre instansar
  • Direkte tiltaksarbeid med born og foreldre
  • Arbeid med akutte situasjonar/kriser
  • Oppfølging av oppdragstakarar i tiltak
  • Arbeid på ettermiddag/kveld ein gong per veke må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnevernpedagog/sosionom, gjerne med relevant vidareutdanning. Anna høgskuleutdanning kan blir vurdert
  • Førarkort klasse B
  • Godkjend politi- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn etter lokal avtale
  • Gode pensjonsordningar
  • Rabatterte forsikringar i KLP

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    03.11.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2195062
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 18.10.2019