Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Kommunalsjef drift og utvikling

Offentlig forvaltning

Er du ein erfaren leiar med sterke strategiske ferdigheiter og et engasjement for berekraftig utvikling? Ynskjer du å medverke til vekst og fornying i ein spennande kommune? Da kan du vere den vi søkjer!

Da vår kommunalsjef skal gå av med pensjon søkjer vi etter ein stødig og trygg leiar som kan overta stafettpinnen og vere med på å føre Ål Kommune vidare inn i framtida. Hjå oss vil du vere med på utviklinga av ein sektor som betyr mykje for kommunen som ein heilskap. Me søkjer deg som er klar til å møte utfordringane som kjem, samt motivere og engasjere våre tilsette og bidra til sektoren si utvikling.

Vi ser etter ein leiar som ynskjer å skape gode relasjonar til medarbeidarar, politikarar, innbyggarar og andre samarbeidspartnarar, og dessutan har god rolleforståing for korleis ein jobbar i ein politisk styrt organisasjon. I tillegg til å leie eigen sektor vil du også vere ein del av kommunens strategiske leiing gjennom deltaking i rådmannens leiargruppe. Her er vi ein allsidig gjeng og det er stor takhøgd!

Arbeidsoppgåver:

  • Overordnet ansvar innenfor drift- og vedlikehald, VAR, eiendomsforvaltning, kommunalteknikk, reinhald, landbruk, plan og byggesak. Interkommunalt vass- og avløypskontor.
  • Leie og utvikle sektoren.
  • Vere en sentral bidragsytar i rådmannen si leiargruppe.
  • Jobbe, tenke og handle tverrfagleg og sektorovergripande.
  • Bidra til gjennomføring av og initiere gode utviklings-/endringsprosessar.
  • Overordna personal, resultat, økonomi og fagansvar for sektoren.
  • Delta i regionalt samarbeid og bidra i interkommunalt arbeid.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning, det er ønskjeleg med planlegging eller juss i fagkretsen.
  • Relevant leiarerfaring.
  • Ønskjeleg med erfaring frå planarbeid og heilskapleg samfunnsutvikling.
  • Du må ha en heilskapleg forståing for oppdraget og kunne jobbe tverrfaglig.
  • God forståing for, og trivast i samspill mellom politikk, administrasjon og fag.
  • Kunnskap om kommunal og offentlig forvaltning.
  • God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.
  • Erfaring med å leie utviklingsarbeid vil bli lagt vekt på.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til à motivere medarbeidarar og skape entusiasme.
  • Tydeleg og trygg leiar.
  • Tillitsvekkande relasjons- og nettverksbyggar.
  • Nytenkjande og utviklingsorientert.
  • Ein dedikert lagspelar for heilskapen.
  • Raus, uredd og med gjennomføringskraft. 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stort vekt.

Vi tilbyr:

  • Ei leiarstilling med spennande og varierte arbeidsoppgåver der du er med på å utvikle Ål- samfunnet.
  • Eit godt og utviklande arbeidsmiljø.
  • Ein kompetent stab og engasjerte og dyktige avdelingsleiarar.
  • Løn etter avtale og gunstig pensjonsordning.
  • Her er det takhøgde og rom for påvirkning og utvikling.

Søkjarar som ønskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga. Me ser fram til å få søknaden din!