Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Voss Kyrkjelege fellesråd

KANTOR

Det er ledig 100 % fast stilling som kantor i Voss kyrkjelege fellesråd med tiltreding 01.06.2019 (eller etter avtale). 

Kantor vil ha overordna ansvar for alle sokn i fellesrådsområdet, men har hovudansvar for Voss sokn, og har dei fleste tenestene der. Vangskyrkja har eit orgel med 32 stemmer over 2 manualar og pedal, bygd av Ryde & Berg i år 2000. Kantorstillinga er ei av tre stillingar som kyrkjemusikar i fellesrådsområdet, som i dag dekker 5 sokn. Frå 2020 vert Granvin sokn og Voss kyrkjelege fellesråd slegne saman til eit fellesråd med 6 sokn. I samband med samanslåinga vil nye Voss kyrkjelege fellesråd vidareføre arbeidsforholdet. Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.
Voss kyrkjelege fellesråd har kontorstad i Kyrkjetunet, rett ovanfor Vangskyrkja i Voss sentrum. Kontorbygget var nytt i 2015, og vart bygd i tilknyting til den gamle prostebustaden, som no m.a. vert nytta til møterom. Her er 14 kontorplassar, der m.a. prestar, kateket, kyrkjelydspedagog, kyrkjeverje og administrativt personale held til. Etter samanslåinga vil kyrkjeleg fellesråd ha ca 14 årsverk, fordelt på 27 tilsette i små og store stillingar, samt prost og sokneprestar. Vangskyrkja frå 1277 er sentral i både kyrkje- og kulturlivet på Voss, med stor aktivitet gjennom heile året. Som kantor på Voss får ein ansvaret for og moglegheit til å samarbeide med mange av kulturaktørane i området.

Me søkjer etter ein person som ynskjer å byggje kyrkjelyd gjennom å vareta, styrkje og utvikle det musikalske livet i kyrkja i samsvar med gjeldande tenesteordning for kantorar. Kantor må ha interesse for og kompetanse til å drive korarbeid for born og vaksne, i samarbeid med andre tilsette. Trusopplæringsarbeidet er ei sentral oppgåve i Den norske kyrkja, og det er forventa at kantor engasjerer seg i dette. Voss har eit levande TenSing-miljø, og det er ynskjeleg med ein person som ser verdien av samarbeid med born og unge inn i kyrkjemusikken. Det er ei føremon om du meistrar fleire musikalske stilartar, og vil gjere nytte av kompetansen i det kyrkjemusikalske arbeidet. Du må vere fleksibel, og ha evne og vilje til å samarbeide tett med andre tilsette, friviljuge og eksterne aktørar for å fremje kyrkja sitt arbeid i lokalsamfunnet. Kantor vil ha overordna ansvar for alle sokn i fellesrådsområdet, men har hovudansvar for Voss sokn, og har dei fleste tenestene der.

Arbeidsoppgaver:

  • Planlegging og gjennomføring av gudstenester, kyrkjelege handlingar og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab.
  • Inspirere til et variert og breitt musikalsk uttrykk i gudstenesta og i kyrkjemusikken elles.
  • Ansvar for-/oppgåver knytt til kor- og musikkarbeid, også tilrettelagt for barn og unge
  • Ansvar for-/oppgåver knytt til trusopplæring og konfirmantarbeid
  • Være med å vidareutvikle song og musikklivet som ein del av arbeidet med å byggje kyrkjelyd.
  • Ansvar for tilsyn og dagleg vedlikehald av instrument.
  • Andre arbeidsoppgåver i samsvar med gjeldande tenesteordning for kantorar.

Kvalifikasjoner:

  • Kyrkjemusikalsk utdanning, eller annan relevant musikkutdanning.
  • Søkjarar bør ha allsidige orgel- og pianoferdigheiter.
  • Søkjarar må gjerne meistre fleire musikksjangrar
  • Søkjarar må ha kunnskap og erfaring i korleiing.
  • Søkjarar må meistre norsk munnleg og skriftleg godt. Administrasjonsspråket er nynorsk.
  • Ein føreset god kjennskap til norsk gudstenestetradisjon og liturgi.
  • Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja.
  • Den som vert tilsett må utføre si teneste i samsvar med Den norske kyrkja sine ordningar, og vere lojal til Den norske kyrkja sine grunnverdiar og visjon.

Personlige egenskaper:

  • Initiativrik, fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne og vilje til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Interessert og open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid.
  • Personlege eigenskapar i høve stillinga vil verte vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Kontorplass i Kyrkjetunet.
  • Positivt samarbeid med ein engasjert og aktiv stab og mange frivillige.
  • Løn i samsvar med gjeldande tariff.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Annet:

  • Politiattest må leggjast fram før tilsetting, jf. kyrkjelova § 29.
  • Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.
  • For nærare opplysningar kontakt kyrkjeverje Svein Tøsse eller ass. kyrkjeverje Åslaug S. Mjånes.
  • Søknad med vedlegg vert å sende via elektronisk søknadsskjema. Søknadar sendt pr. post/epost vert ikkje vurdert.