Ledig stilling

Surnadal kommune

Helsefagarbeidarstilling i Bu- og aktivitetstenesta

Brannvesen

I Bu- og aktivitetstenesta har vi ledige stillingar for helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar.

Du kan ha eit ønske om å arbeide heiltid eller tenkje at deltid er det som passar deg.  Vi har stillingar på natt og stillingar med dag-/aftenvakter.

F.t har vi eit aukande behov på avlasting for barn og har stilling til deg som har ønske om å arbeide med dei yngste tenestemottakarane våre.

Difor er det aktuelt med søkarar som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Det er aktuelt å tilsette i faste stillingar, men vi har også engasjement og vikariat om du ønskjer på prøve deg i tenesta vår.

Ut frå brukarbehov er det i nokre stillingar aktuelt å tilsette menn og i andre kvinner.

Du må ha førakort kl.B.

 

Personlege eigenskapar:

Du har gode omsorgs- og samarbeidsevner, er ansvarsbevisst, påliteleg og nøyaktig

Du sett brukarane sine ønske og behov i fokus

Det er viktig for oss at du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og lagkjensle med mål om gode tenester for brukarane

 

Hos oss får du:

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunale tilsettingsvikår og lønn etter tariff

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.

Aktuelle søkarar blir kalla inn til samtale.