• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    14.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5647906
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Helsefagarbeidar i heimetenesta 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi er interessert i å finne gode løysingar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av vårt team?

Fjaler kommune har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar, fortida med arbeidsstad i heimetenesta. Som helsefagarbeidar vil du ta del i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus over 52 veker med start i månadsskifte februar/mars. Heimetenesta jobbar med innføring av langvakter kvar 4. helg. Ordninga er frivillig.

Våre tenester er tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, ernæring og diabetes, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Arbeidsoppgåver
  • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og god måte
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Jobbe kunnskapsbasert
  • Bidra til auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg oppfølging

Kvalifikasjonar
  • Helsefagleg utdanning 
  • Førarkort klasse B
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • God på kommunikasjon
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
  • Engasjement for eldreomsorg

Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
  • Innmelding i pensjonsordning

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    14.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5647906
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune