• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4329253
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Vi har ledig tre faste 100 % stillingar som helsefagarbeidar i turnus med arbeid kvar 3. helg på Nordgardstunet. 

Om Meland sjukeheim og avdeling Nordgardstunet
Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliterings behov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse. 

Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Vi har eit breiare syn på palliasjon og er opptatt av kva vi kan gjere for at pasientane som er hos oss skal ha det godt dei siste vekene, månadene eller åra av livet når dei bur på Nordgardstunet. Som tilsett hos oss vil du få faglege utfordringar med koplekse sjukdomsbilete. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar.

Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.

Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie. Du inngår i det tverrfaglege samarbeidet mellom sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege med fleir.

Kompetansekrav
Autorisasjon som helsefagarbeidar.

Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

2-års lærlingar kan vurderast til stillinga, med atterhald om bestått fagprøve sumaren 2022.

Kven er du?
Vi søkjer etter helsefagarbeidarar som har eit genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil væra med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kolleger. Du bidrar til eit positivt arbeismiljø og har fokus på samarbeid. Du er ein sjølvstendig medarbeidar, har eit godt fagleg fokus, og er samvittighetsfull i din utøving av yrket. 

Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale

Pensjonsordning gjennom KLP
Godt arbeidsmiljø
Fagleg stimulerande miljø med dyktige og engasjerte kollegaer

Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4329253
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.01.2022