• Bedrift
    Eidfjord kommune
  • Søknadsfrist
    01.10.2021
  • Sted:
    EIDFJORD
  • Stillingstype:
    Vikariat
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    EIDFJORD
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    2
  • karriere-kode:
    4091416
  • Se her for andre jobber fra Eidfjord kommune

FYSIOTERAPEUT og SJUKEPLEIAR

Eidfjord kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ledig 100 % stilling som sjukepleiar på Eidfjord legekontor - 1 års vikariat

Det er no ledig 1 års vikariat i 100 % stilling som sykepleier. Tiltreding etter avtale.
Søknadsfrist 01.10.21

Eidfjord legekontor er eit kommunalt fastlegekontor med to fastlegar, ein lege i spesialisering (LIS1),erfarne sjukepleier og ein helsesekretær. Kontoret har funksjon som daglegevakt og er lokalisert på kommunehuset i Eidfjord.

Søknad

  • Søknadsskjema
  • Merk søknadsskjema med : arkivsakID: 21/787
  • Søknadsfrist er sett til 01.10.21

Arbeidsoppgåver

  • Laboratoriearbeid med blodprøvetaking og analysering, vaksinering, injeksjonar, innfusjoner, spirometri, EKG, sårbehandling m.m
  • Gje faglige råd og vurdere øyeblikkelig hjelp både i telefon og på kontoret
  • Bistå lege i akutte situasjonar både på kontoret eller ved utrykking
  • Ulikt administrativt ansvar
  • Resepsjon/timebok- og telefonbetjening
  • Skanning og innskriving av epikriser og prøvesvar
  • Bistå lege ved småkirurgiske prosedyrer

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisert sjukepleiar
  • Beherske avansert hjarte- og lungeredning (AHLR)
  • Søkjar må ha gode muntlige- og skriftlige norskkunnskaper og beherske muntlig engelsk
  • Arbeidserfaring frå legekontor og legevakt er ein fordel
  • Kjennskap til journalsystemet Infodoc er ønskeleg
  • Personleg eigna vil verta vektlagt

Personlige egenskaper

Me søker ein ansvarsbevisst og fleksibel medarbeidar med gode kommunikasjonsferdigheiter. Du må ha interesse for akuttmedisinske problemstillingar og evnene til å ta raske avgjersler i eit hektisk arbeidsmiljø. Jobben krev at du har eit godt klinisk blikk og er trygg på din kompetanse. Du kjem til å jobbe både sjølvstendig og i team, og du er difor både serviceinnstilt og samarbeidsvillig.

Me tilbyr

Spennande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
• Kompetanseutvikling gjennom bl.a. internundervisning og praktisk øving/simulering
• Eit fagleg sterkt kollegium med godt arbeidsmiljø
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Arbeidstid dagtid kl 0800-1530 og 0730 -1500
• Bedriftshelseteneste
• Lønn etter gjeldande tariff

Andre opplysningar

I Eidfjord kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma vise politiattest før tilsetjing. Denne treng ikkje leggjast ved søknaden.

I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjere opplysningar om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit.

Kontaktopplysningar

Dersom du har spørsmål til stillinga kan du ta kontakt kommuneoverlege Rita Høvset, tlf: 413 50 556 eller einingsleiar Karin Flatabø Thrane, tlf: 951 38 645.


-----------------------------------------------------


Ledig 50% stilling som fysioterapeut - 1 års vikariat

Eidfjord kommune lyser etter ein engasjert, sjølvstendig og positiv fysioterapeut til 1 års vikariat i 50% stilling.

Søknad

  • Søknadsskjema
  • Merk søknadsskjema med : arkivsakID: 21/786
  • Søknadsfrist er sett til 01.10.21


Arbeidsoppgåver

Eidfjord kommune tilbyr habilitering- og rehabiliteringstenester og førebyggjande og
aktivt behandling til alle aldersgrupper. Som fysioterapeut hjå oss vil du ha ansvar
både for individuelle pasientar og grupper. Du vil også ha ei sentral rolle i tverrfagleg
team.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Gode ferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg
  • Gjerne erfaring med rehabilitering
  • Sjølvstendig og gode samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst
  • Godt humør

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Engasjerte kollegaer med lang erfaring
  • Gode treningslokale
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Bedriftshelseteneste
  • Arbeidstid 36 timar pr veke
  • Løn etter gjeldande tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar

I Eidfjord kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg eller med barn,
unge og funksjonshemma vise politiattest før tilsetjing. Denne treng ikkje leggjast ved
søknaden.

I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjere opplysningar
om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit.

Kontaktopplysningar

Dersom du har spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med ein av fysioterapeutane
våre Iren Ringøy Vikane/Ketil Bjotveit på tlf: 468 91 068 eller einingsleiar Karin
Flatabø Thrane, tlf: 951 38 645.

 
  • Bedrift
    Eidfjord kommune
  • Søknadsfrist
    01.10.2021
  • Sted:
    EIDFJORD
  • Stillingstype:
    Vikariat
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    EIDFJORD
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    2
  • karriere-kode:
    4091416
  • Se her for andre jobber fra Eidfjord kommune